Gruppa Carousel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Carousel er ei latvisk indiepop-gruppe som vart etablert i 2015. Carousel var fram til 2019 ein duo beståande av Sabīne Žuga og Mārcis Vasiļevskis. I 2019 vart Carousel utvida til ein kvartett, då Staņislavs Judins (kontrabass) og Mareks Logins (trommar) slutta seg til gruppa.[1]
Carousel vart nasjonalt kjend i Latvia då ho ovann songtevlinga Supernova i februar 2019 med songen «That Night». Med sigeren representerte gruppa Latvia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.[2]
Remove ads
Bakgrunn
Carousel vart danna i Riga i Latvia i 2015, og bestod opphavleg av Sabīne Žuga (fødd 7. desember 1988) på vokal og Mārcis Vasiļevskis (fødd 16. februar 1987[3]) på gitar.[4] I 2019 slutta Staņislavs Judins og Mareks Logins seg til gruppa. Carousel omtalar seg sjølv som ei indiepop-gruppe som spelar sart stemme- og gitarbasert popmusikk «fulle av søte kjensler».[5] Sidan etableringa har gruppa opptredd i Latvia og utanlands, og jobba per 2019 med eit debutalbum.[5]
Hausten 2018 vart Carousel kjend for eit større publikum, då ho deltok i det latviske konsertshowet Pasaka ziemā. Vinteren 2019 stilla gruppa opp i songtevlinga Supernova 2019 på LTV med songen «That Night». Carousel vann finalen 16. februar og fekk dimed representere Latvia i Eurovision Song Contest i Israel i mai 2019.[2] Carousel enda på 15. plass i sin semifinale torsdag 16. mai og var dimed ikkje kvalifisert til finalen i Eurovision Song Contest laurdag 18. mai.[6]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads