Gurmukhi

From Wikipedia, the free encyclopedia

Gurmukhi
Remove ads

Gurmukhi (frå panjabi ਗੁਰਮੁਖੀ, ‘frå munnen åt guruen’) er eit skriftsystem som vart utvikla i Punjab1500-talet for å skrive sikh-skrifter Sjølv om gurmukhi i utgangspunktet blir bruka til å skrive panjabi, så blir det òg bruka til andre språk, som sanskrit, sindhi og hindustanispråk.

Thumb
Mulmantraet i gurmukhiskrift.

Historie

Thumb
Mulmantraet skrive av guru Har Rai med lahndaskrift.
Thumb
Gurmukhiskrift i ei illuminert handskrift av Adi Granth frå rundt 1800.

Som dei fleste andre nordindiske skriftsystema stammar gurmukhi opphavleg frå brahmi. Utviklinga gjekk truleg gjennom guptaskrifta frå 300-talet av og sjaradaskrifta frå 700-talet av. Desse skriftspråka tok utgangspunkt i sanskrit, og blei brukt til litterære og religiøse tekstar. Samstundes blei lahnda, fleire skriftsystem for handels- og kvardagsbruk, utvikla i Punjab. Lahndaskrifta var tilpassa panjabi, men mangla vokalteikn.

Gurmukhi blei i følgje sikhane sine overleveringar standardisert av guru Angad Dev1500-talet, slik at dei heilage sikh-tekstane kunne skrivast ned nøyaktig. Den heilage boka til sikhane, Guru Granth Sahib, er skriven med denne skrifta. Gurmukhi blei deretter ei mykje brukt skrift blant sikhane, og fekk offisiell status i Aust-Punjab. I pakistanske Vest-Punjab bruker ein derimot den urdubaserte skrifta sjahmukhi.

Remove ads

Bokstavar

Gurmukhi er ein abugida. Moderne gurmukhiskrift har 41 konsonantar («viandjanar»), ni vokalteikn («laga matra»), to nasaliseringsteikn («bindi» og «tippi») og eitt teikn som doblar lengda av ein kva som helst for konsonant («addak»). I tillegg blir fire samansetjingsformer bruka: Dei underordna variantane av dei tre bokstavane rara, haha og vava og ei halvform av yaiyya. Bruken av samansetjingsformene av vava og yaiyya er på sterkt vikande front i vår tid.

Konsonantar

Gurmukhialfabetet inneheld 35 grunnleggjande bokstavar. Dei første tre bokstavane skil seg ut ved at dei er basisteikn for vokalar. Av desse tre er berre bokstaven aira bruka åleine sjå bolken om vokalar for å lesa meir om dette.

Meir informasjon Namn, Uttale ...

I tillegg til desse finst det seks konsonantar som blir laga ved det diakritiske teiknet «bindi» ein prikk ved foten («pair») av konsonanten:

Meir informasjon Namn, Uttale ...

Lulla pairín bindi vart lagt til gurmukhialfabetet relativt nyleg. Ein del kjelder reknar ikkje denne bokstaven som ein eigen bokstav.

Vokalar

Gurmukhi er oppbygd på liknande vis som andre brahmiskrifter: Alle konsonantar blir i utgangspunktet rekna som stavingar med konsonant + ein kort a-lyd. I praksis blir denne lyden apokopert sist i ordet og ofte òg i innlyd. Denne «ibuande vokalen» blir endra ved tilføying av ymse diakritiske teikn til grunnkonsonanten. I stavingar eller ord som byrjar med vokal tilføyer ein eitt av dei tre grunnteikna for vokalar og legg det diakritiske teiknet til dette teiknet.

Meir informasjon Vokal, Namn ...

Dei brotne sirklane representerer hovudkonsonanten. Vokalane blir alltid uttala etter konsonanten dei blir skrivne saman med. Slik er sihari alltid skriven til venstre for konsonanten men blir likevel uttala etter konsonanten.

Vokaleksempel

Meir informasjon Ord, Transkripsjon ...
Remove ads

Gurmukhi i Unicode

Unicode-området for gurmukhi er U+0A00 ... U+0A7F. Bruk av Unicode for gurmukhi har berre nyleg (2005) byrja å bli vanleg. Mange nettstader brukar framleis før-Unicode-fontar som har gurmukhiteikn i det grunnleggjande ASCII-området.

 0123456789ABCDEF
A00            
A10    
A20  
A30             ਿ
A40                
A50                      
A60            
A70                      

Sjå òg

  • Takri, eit nærskyld skriftsystem

Bakgrunnsstoff

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads