Gypsy Cowboy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Gypsy Cowboy er det tredje studioalbumet til det amerikanske countryrockbandet New Riders of the Purple Sage, spelt inn og gjeve ut i 1972.
Albumet inneheld seks originale songar av John Dawson og tre av Dave Torbert, i tillegg til coverversjonar av countryklassikarane «She's No Angel» og «Long Black Veil». Donna Jean Godchaux frå Grateful Dead syng korvokal på to songar, «Whiskey» og «Long Black Veil». Det vart gjeve ut ein singel frå albumet — «Groupie» / «She's No Angel».[3][4]
I 2007 kom Gypsy Cowboy ut på ny på Wounded Bird Records med fire bonusspor. Desse var konsertopptak av «Groupie», «Sutter's Mill», «Superman» og «She's No Angel». Alle utanom «Superman» var henta frå New Riders-albumet Home, Home on the Road frå 1974.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
New Riders of the Purple Sage
- John Dawson – rytmegitar, solovokal på «Whiskey», «Sutter's Mill», «Death and Destruction», «Linda», «Superman», felles solovokal på «Long Black Veil» og «Sailin'»
- David Nelson – sologitar, dobro, mandolin, bagpipes, solovokal på «She's No Angel», felles solovokal på «Long Black Veil»
- Dave Torbert – bass, akustisk gitar, solovokal på «Gypsy Cowboy», «Groupie» og «On My Way Back Home», felles solovokal på «Long Black Veil»
- Buddy Cage – pedalsteelgitar
- Spencer Dryden – trommer
Andre medverkande
- Darlene DiDomenico – korvokal på «Whiskey», «On My Way Back Home» og «Superman»
- Donna Jean Godchaux – korvokal på «She's No Angel» og «Long Black Veil»
- Richard Greene – fiolin
- Mark Naftalin – piano
- Jack Schroer – saksofon
Produksjon
- Produsent: Stephen Barncard og NRPS
- Lydteknikarar: Stephen Barncard, Dave Brown, Ellen Burke
- Plateomslag: Lore Orion
- Notis i omslaget: John Tobler
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads