Haill

From Wikipedia, the free encyclopedia

Haill
Remove ads

Hald, hall, haill eller vadhald er eit nordnorsk omgrep for god fiskelukke som skal koma av å ha hatt eit nyleg samleie.[1] Ordet «hald» kan frå norrønt visa til å ha tak eller drag på noko.[1] Det var opphavleg berre knytt til kveitefiske.[1]

Thumb
Store kveiter fanga i Alaska.

Motsett kan dårleg fiskelukka forklarast med at ein manglar eller har dårleg hald.[2] Arthur Brox rapporterer frå Ytre Senja at dårleg fiskelukke, som at ein fekk skate (ufisk) i staden for kveite på kroken, kunne skuldast på at ein hadde fått dårleg hald frå kona eller kjærasten.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads