Hans-Erik Dyvik Husby

norsk musikar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia

Hans-Erik Dyvik Husby
Remove ads

Hans-Erik Dyvik Husby (15. juni 197219. november 2021)[1] særleg kjend under artistnamnet Hank von Helvete, var ein norsk artist og skodespelar, kjend som vokalist i det norske bandet Turboneger.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Biografi

Hans-Erik Dyvik Husby vart fødd i Gravdal i Vestvågøy kommune, men budde i Å i Lofoten med familien til Hans-Erik var tre. Seinare flytte dei til Fauske, Rognan, og til slutt Tvedestrand. I dag er Husby kjend for storstilte opptredenar saman med gruppa Turboneger, gjerne med mykje sminke og berr overkropp. Men han har òg ei velkjend fortid som stoffavhengig. Det var samanbrotet hans på grunn av heroinabstinensar under ein turné i Italia som gjorde at Turboneger blei oppløyst for ei tid i 1998. I juli 2010 trekte Husby trakk seg som medlem fra Turboneger. Same år spelte han hovudrolla som Cornelis Vreeswijk i filmen «Cornelis» i Sverige.

Husby vart stoffri og hadde i tillegg til musikken starta ei karriere som muskal-skodespelar (hovudrolle i Jesus Christ Superstar). Via etermedia vart han òg talsmann for moderne norsk kristendom (Mellom anna i "Bokprogrammet" - NRK 1. sept. 2009) der Husby synte at han hadde eit reflektert og grunngjeve tilhøve til vanskelege teologiske spørsmål kring synet på himmelriket og fortapinga (helvete). Husby hadde i fleire intervju omtala seg sjølv som personleg kristen.

Bror til Hans-Erik var komponisten Kaare Dyvik Husby.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads