Har Arbel

From Wikipedia, the free encyclopedia

Har Arbel
Remove ads

Har Arbel (hebraisk skrift הר ארבל) er eit fjell i Nedre Galilea nær Tiberias i Israel, med høge klipper og utsyn til Hermon i Golanhøgdene, spor av ei grottefestning og ruinar av ei gammal synagoge. Arbel ligg ovanfor Har Nitai og klippene vart skapt av Jordandalen.

Kjappe fakta Land, Distrikt ...

Det ligg fire landsbyar i fjellet: Kfar Zeitim, Arbel, Kfar Hittim og Mitzpa. Toppen som ligg 181 meter over havet (380 meter over det kringliggande landskapet) dominerer landskapet og frå toppen kan ein sjå nesten heile Galilea til Golanhøgdene, inkludert Safed, Tiberias og det meste av Genesaretsjøen.

Remove ads

Historie

Thumb
Arbel synagoge

I nærleiken ligg ruinane av ein gammal jødisk busetnad med ei synagoge frå 300-talet og skoren ut i sjølve fjellet ligg fleire klippebustader. Desse klippebustadane er frå 1600-talet og vart bygde av drusarar. Det er dokumentert jødiske klippebusetnader datert attende til tida kring Det andre tempelet i området. Josefus skreiv om den romerske erobringa at somme av dei siste hashmoneiske opprørarane budde i klippene i Arbel.[1][2][3]

Remove ads

Naturreservat og nasjonalpark

Området vart eit naturreservat i 1967, og dekkjer 1,400 kvadratkilometer.[4] Nasjonalpark (8,5 km²) omfattar det meste av Nahal Arbel, som byrjar nær Eilabun og munnar ut i Genesaretsjøen nær Migdal. Reservatet dekkjer området like kring klippa.[5]

Thumb

Arbel er med klippveggen på 110 meter den einaste kjende staden i Israel der basehopping er godteke.[6]

Thumb
Utsyn over Genesaretsjøen frå fjellet.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads