Harianvi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Harianvi, djatu eller bangaru er eit språk som blir tala i delstaten Haryana og kringliggande område. Det blir ofte rekna som ein dialekt av hindi, men talarar av hariyanvi og hindi kan ha vanskar med å forstå kvarandre.
Medan harianvi er morfologisk og fonologisk likt khariboli, eller standard hindi, har det òg likskapar med panjabi. Mellom anna imperfektiv partisipp-endinga /da:/ og substaniv-endinga /ã:/ i oblikt fleirtal minnar om panjabi. Endinga for hannkjønn eintal, /a:/, er felles for panjabi, harianvi, og også khariboli, men skil dei to sistnemnde frå dei andre vestlege hindispråka.
Bradjbhakha er det hindispråket som ligg nærast harianvi.
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Språkdøme og omsetjingar Arkivert 2006-12-15 ved Wayback Machine. i vitsar hjå Haryana Times
Kjelder
- Ethnologue-rapport
- G. A. Zograph: Languages of South Asia, 1960 (translated by G.L. Campbell, 1982), Routledge, London.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads