Jon Lech Johansen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jon Lech Johansen (fødd 18. november 1983) er ein norsk dataprogrammerar. Johansen vart kjent i media som «DVD-Jon» eller «GUI-Jon»[1] etter å ha vore med på å utvikla eit program som braut kopisperra på DVD-plater slik at dei kunne avspelast på operativsystemet Linux.
Remove ads
Jon Lech Johansen er fødd i Harstad og er ein sjølvlært programmerar. I 1999 var han med på å utvikla det grafiske brukargrensesnittet til DeCSS, som omgår kopisperra på DVD-plater. I 2002 vart han stilt for retten for å ha gjort det mogleg å omgå denne kopisperra, men vart frifunnen i Oslo tingrett. Domen vart anka av Økokrim. 22. desember 2003 vart han frikjent av lagmannsretten på alle punkt. 5. januar 2004 vedtok Økokrim å ikkje anke avgjerda i saka, som blir sett på som å vere av stor prinsipiell tyding.
Johansen avbraut den vidaregåande utdanninga si for å konsentrera seg om DeCSS-saka, og fortsette å programmera. I 2003 lanserte han programmet QTFairUse, som opnar sperra på Apple iTunes' AAC-filer. I 2005 drog han til USA for å arbeida som programvare-ingeniør. Hausten 2006 drog han tilbake til Noreg, men i 2007 flytta han til USA igjen.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads