Hasta la vista av Hurricane
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Hasta la vista» (spansk for 'på gjensyn') er ein serbisk popsong frå 2020 som vert framført av jentegruppa Hurricane. Songen skulle ha vore det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Songen vart utgjeven 7. februar 2020.[2]
Remove ads
Om songen
«Hasta la vista» er komponert av Nemanja Antonić, medan Kosana Stojić og Sanja Vučić har skrive teksta.[3] Songen har serbisk tekst, men tittelen er spansk, og det er enkelte engelske ord i teksta.[3] «Hasta la vista» vart utgjeven for nedlasting og strøyming 7. februar 2020. Ein omarbeidd versjon av låten, og dessutan ein musikkvideo, vart utgjeven 27. februar same år.[4]
6. februar 2020 vart Hurricane og «Hasta la vista» offentleggjord som ein av 24 deltakarar i songtevlinga Beovizija 2020.[5] Beovizija vert arrangert av kringkastaren Radio-televizija Srbije (RTS), og vinnaren skulle representere Serbia i Eurovision Song Contest. «Hasta la vista» kvalifiserte seg frå semifinalen 29. februar 2020, og deltok i finalen dagen etter.[6] Der vann songen både jury- og telefonavrøystinga og vart dimed det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020.[7]
Eurovision Song Contest
I januar 2020 vart Serbia trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai, men på grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest. Dette vart gjort for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19 i Europa.[8][9] Songen fekk dermed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads