Heart of Mine av Bob Dylan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
«Heart of Mine» er ein song av Bob Dylan som kom ut i 1981 på albumet hans Shot of Love. Songen vart spelt inn 15. mai 1981, og kom ut på singel. Singelen nådde åttandeplassen på VG-lista i Noreg. Eit konsertopptak av songen kom ut på Biograph i 1985.
Blant artistar som har spelt songen finn ein Norah Jones, Mountain, Steve Gibbons, Blake Mills, Maria Muldaur og Ulf Lundell.
Remove ads
Medverkande
- Ringo Starr – Tom-tom-trommer[1]
- Ronnie Wood – Gitar[1]
- Donald «Duck» Dunn – Bass[1]
Utgjeving
I Europa kom «Heart of Mine» ut på singel i juli 1981[2] med ei lengd på 3:30 (korta ned frå 4:32 på albumet).[3] B-sida var «Let It Be Me»,[2] skriven av M. Curtis, P. Delanoe og G. Becaud.[4] Dylan hadde gjeve ut ein annan versjon av denne songen i 1970 på albumet Self Portrait,[5] men B-sida til «Heart of Mine» var ei nyinnspeling.[6] Singelen nådde åttandeplassen i Noreg og låg seks veker inne på Topp 10.[3]
I USA kom singelen ut i september 1981 med B-sida «The Groom's Still Waiting at the Altar».[2] «The Groom's Still Waiting at the Altar» var ikkje med på den originale utgåva av Shot of Love, men kom først ut på Biograph i 1985. Seinare vart han derimot lagt til Shot of Love.[7]
Remove ads
Andre versjonar
Norah Jones og Peter Malick spelte inn songen i 2003 på albumet New York City[8] og denne vart nytta i filmen Runaway Jury i 2003 under rulleteksten.[9] Mountain spelte songen på albumet deira Masters of War,[10] og Steve Gibbons spelte han inn på Dylan Project 2.[11] Maria Muldaur gav ut songen på albumet Heart of Mine: Love Songs of Bob Dylan,[12] i tillegg til at ho gav ut konsertopptak av songen på Live in Concert.[13][14] Danielle Haim og Blake Mills spelte inn songen på Chimes of Freedom: Songs of Bob Dylan Honoring 50 Years of Amnesty International.[15] Ulf Lundell gav ut ein versjon på svensk kalla «Hjärtat mitt» i 1984 på albumet hans, Sweethearts,[16] og eit konsertopptak på Maria kom tillbaka: Live.[17]
Salslister
Fotnotar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads