Self Portrait
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Self Portrait er det tiande studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records i juni 1970.
Det var det andre dobbeltalbumet til Dylan og inneheld hovudsakleg coverversjonar av kjende pop- og folkesongar. Det inneheld òg nokre instrumentalar, originale songar og konsertutgåver av songar i lag med The Band. Det meste av albumet vert sunge i same countrystil Dylan hadde nytta på det førre albumet, Nashville Skyline. Somme meiner Dylan med hensikt gjorde albumet surrealistisk og satirisk, og albumet fekk særs dårleg kritikk då det kom ut. Første setninga i meldinga frå Greil Marcus i Rolling Stone var «What is this shit?» ('Kva er denne skiten?').[6]
Dylan hevda seinare i intervju at Self Portrait var ein slags spøk, langt under standarden han sette i 1960-åra, rett og slett for å få fokuset bort frå seg.
Trass i dårleg mottaking selde albumet raskt til gull i USA og nådde fjerdeplassen der. I Storbritannia gjekk albumet heilt topps.
Remove ads
Songane
Self Portrait fekk kraftig kritikk for både framføringa og produksjonen, og mange kritikarar meinte at songutvalet var for dårleg. Songen «Copper Kettle», skriven av Alfred Frank Beddoe, har likevel fått god omtale gjennom åra.[7][8]
Songen «Wigwam» vart gjeven ut på singel og vart i 2001 nytta i Wes Anderson-filmen The Royal Tenenbaums. «All the Tired Horses» inneheld berre to tekstlinjer og vert sungen av kvinnelege koristar. Denne songen vart nytta i filmen Blow frå 2001.
Den mest kjende songen er kanskje «The Mighty Quinn (Quinn the Eskimo)», ein song frå Basement Tapes-innspelingane som vart spelt inn av Manfred Mann med stor suksess i 1968.
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
|
|
Salslister
Vekeslister
Singlar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads