Heaven's Open
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Heaven's Open er det 14. studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1991. Det var det siste albumet han gav ut på Virgin, og det einaste han gav ut under namnet Michael Oldfield, i staden for Mike Oldfield. Produsenten på albumet, Tom Newman, stava òg namnet sitt på uvanleg måte på albumet, som Thom Newman.
Remove ads
Historie
Med utgjevinga av Heaven's Open i 1991 var Oldfield glad for å forlate Virgin Records.[2][3] Ein kan høyre eit siste farvel til Virgin heilt mot slutten av «Music from the Balcony», der ein kan høyre ein stille latter og Oldfield som seier «Fuck off!».
Heaven's Open er det einaste albumet der Oldfield syng all solovokal sjølv.[3]
Etter han forlet Virgin gav Oldfield ut det mykje venta Tubular Bells II i 1992 med Warner Brothers.
Samanheng med andre Oldfield-album
Plateomslaget er ein variant av det opphavlege omslaget til Tubular Bells, då arbeidstittelen var Breakfast in Bed. På dette omslaget draup det blod frå egget, i staden for eggeplomme.[4] Arbeidstittelen for Heaven's Open var Man in the Rain.[5] Songen «Heaven's Open» var hovudsakleg ein tidleg versjon av «Man in the Rain».[5] Tittelen «Man in the Rain» vart seinare nytta av Oldfield på ein singel frå Tubular Bells III.
Stilmessig går Heaven's Open attende til den kommersielle stilen til Oldfield frå tidleg til midten av 1980-åra, med radiovenlege poprocksongar, og eit lengre, progressivt stykke. I motsetnad til tidlegare album, som Five Miles Out og Crises, avsluttar den lengre komposisjonen albumet i staden for å opne det.
Singlar
«Gimme Back» og tittelsporet «Heaven's Open» vart gjeve ut på singlar i 1991. Begge desse vart òg gjevne ut under namnet Michael Oldfield.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Mike Oldfield.
Medverkande
- Mike Oldfield – vokal, gitar, klaverinstrument
- Simon Phillips – trommer
- Dave Levy – bass
- Mickey Simmonds – Hammondorgel, piano
- Andrew Longhurst – ekstra klaverinstrument, sekvensering og sampling
- Courtney Pine – saksofon, bassklarinett
- The «Sassy Choir»
- Vicki St. James
- Sylvia Mason-James
- Dolly James
- Debi Doss
- Shirlie Roden
- Valeria Etienne
- Anna vokal harmoni
- Anita Hegerland
- Nikki «B» Bentley
- Tom Newman
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads