Heavy Horses
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Heavy Horses er det ellevte studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, gjeve ut den 10. april 1978. Det vert rekna som det andre albumet i ein trilogi av folkrockalbum av Jethro Tull, sjølv om det har vore spor av folkrock på mange andre albumet av bandet. Tekstane på dette albumet var ikkje i like stor grad prega av folketradisjon som på det førre albumet, Songs from the Wood (1977), og var i staden eit meir realistisk syn på ei verd i endring - albumet er dedisert til «dei opphavlege arbeidshestane i Storbritannia».[2] Det tredje albumet i folkrocktrilogien er Stormwatch (1979). Ei utvida utgåve på fem plater kom ut 2. mars 2018.[3]
Remove ads
Produksjon
Albumet var produsert av Ian Anderson og spelt inn med lydteknikaren Robin Black i London. Heavy Horses er det siste studioalbumet til Jethro Tull der bassisten John Glascock var med på alle songane. Anderson sa innspelinga av albumet føregjekk på ei tid då andre artistar gjekk mot nye musikktrendar og bandet fann ut at dei ikkje ønskte å «verke som om me prøvde å ta på oss post-punk-frakken som The Stranglers eller The Police hadde. Dei var band som vart rekna som ein del av punkverda, men som ikkje var det».[2]
Remove ads
Musikalsk stil og tema
Heavy Horses har meir jordnære og prosaiske tema enn føregangaren. Her var songar om synet til konformisten på kvardagslivet («Journeyman»), ein song om hunden («Rover») og katten («...And the Mouse Police Never Sleeps») til Anderson, eller om den nye sonen, James («No Lullaby»). Tittelsporet er ein av to komplekse songar på albumet og vart omtalt av Anderson som ein «hestebasert Aqualung». Andre spor, som «Acres Wild» og «Weathercock» fungerer som ei bøn om betre dagar.
Remove ads
Mottaking
Meldinga i Rolling Stone då albumet kom ut var positiv og kalla dei instrumentale arrangementa overdådige og sa at Heavy Horses og folkrocksjangeen, som ein oppfølgjar til Songs From the Wood, passa Jethro Tull perfekt.[5]
AllMusic kalla Heavy Horses ei av dei venaste platene til bandet og hylla både spelinga til Martin Barre og John Glascock, og gjesteartisten Darryl Way frå Curved Air på fiolin.[4]
Salslister
Albumet har seld meir enn éin million eksemplar og nådde 19. plassen på Billboard 200,[4][8] [9] og 20. plassen på UK Albums Chart.[10]
Innhald
Alle spor skrivne av Ian Anderson med ekstra materiale av Martin Barre og David Palmer
Remove ads
40-årsjubileumsutgåva frå 2018 - luksusutgåva New Shoes
Den 2. mars 2018 gav bandet ut ein versjon av Heavy Horses på fem plater i ein boks med eit hefte på 96 sider med kommentarar om kvart spor på albumet og tilknytte innspelingar av Anderson. Som dei andre 40-årsjubileumsutgåvene til bandet, inneheld den første plata ein ny stereomiks av Steven Wilson med fleire bonusspor. Den andre og tredje plata inneheld 22 konsertopptak som ikkje før var gjevne ut, spelte inn i Festhalle i Bern i Sveits under den europeiske delen av Heavy Horses-turneen deira i 1978, frå 28. mai 1978. Samlinga inneheld òg DVD-ar.
Remove ads
Medverkande
- Jethro Tull
- Ian Anderson – solovokal, fløyte, akustisk gitar, ekstra elektrisk gitar, mandolin
- Martin Barre – elektrisk gitar
- John Glascock – korvokal, bassgitar
- John Evan – piano, orgel
- David Palmer – klaverinstrument, berbart pipeorgel, orkesterarrangement
- Barriemore Barlow – trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Darryl Way – fiolin (på «Acres Wild» og «Heavy Horses»)
- Shona Anderson – fotografi
- Robin Black – lydteknikar
- James Cotier – fotografi
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads