Falko Zandstra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Falko Zandstra (fødd 27. desember 1971) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Heerenveen. Han vart europameister på heimebane både i 1992 og 1993, i 1993 vart han også verdsmeister på Hamar.
Zandstra meisterskapsdebuterte med siger i EM 1992 i heimbyen Heerenveen. Under Vinter-OL i Albertville tok han sølvmedaljen på 5000 meter, slått med vel to sekundar av vinnaren Geir Karlstad. På tampen av OL-sesongen kom han på andreplass etter Johann Olav Koss då firkamp-VM 1992 vart avvikla i Calgary. I 1993 vann Zandstra både EM og VM i firkamp, begge gongane framfor nemnde Koss.
OL-sesongen 1994 kom Zandstra på tredjeplass både i EM på Hamar, og på 1500 m under dei olympiske leikane på Lillehammer. Sidan vart han nummer to i EM 1995 og nummer tre i EM 1997, begge meisterskapane fann stad i heimbyen Heerenveen.
Han la opp etter 1998-sesongen.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Falko Zandstra» frå Wikipedia på nederlandsk, den 5. november 2016.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads