Heidi Zurbriggen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Heidi Zurbriggen (fødd 16. mars 1967) frå Saas-Almagell i kantonen Valais i Sveits, er ein sveitsisk, tidlegare skirennar. Ho vann to VM-sølv i utfor og tre enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner. Pirmin Zurbriggen er ein eldre bror.
Remove ads
Karriere
Aktiv
Zurbriggen kom første gongen på pallen i verdscupen 12. desember 1986 då ho kom på tredjeplass i utfor i Val-d’Isère. I desember 1987 vart ho skadd under trening og mista resten av sesongen. Under verdsmeisterskapen i alpint 1989 i Vail kom ho på fjerdeplass i utfor, fire hundredels sekund bak bronsevinnaren.
Under VM i alpint 1996 i Sierra Nevada fekk Zurbriggen sølvmedalje i utfor bak Isolde Kostner. 6. mars 1996 vann ho sin første av totalt tre sigrar i verdscupen, då ho vann i utforløypa i Kvitfjell i Øyer. Ho tok endå eit VM-sølv i utfor under VM i alpint 1997 i Sestriere, seks hundredelar bakom Hilary Lindh frå USA.
Zurbriggen la opp i 1997.
Sigrar i verdscupen
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Heidi Zurbriggen» frå Wikipedia på tysk, den 13. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
- (en) Heidi Zurbriggen – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Nettstaden til Heidi Zurbriggen
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads