Heliconia
planteslekt From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Heliconia er ei slekt av dekkfrøplantar og den einaste slekta i familien Heliconiaceae. Dei fleste av dei om lag 194 kjende artane[1] kjem frå tropiske delar av Amerika, men nokre få stammar frå nokre øyar i Vest-Stillehavet og Maluku i Indonesia.[2] Mange artar i Heliconia veks i dei tropiske skogane i desse regionane. Dei fleste artane er anten rekna som sårbare eller utan nok data på den globale raudlista over truga artar.[3] Fleire artar i slekta er utbreidde som prydplantar, og nokre få veks forvilla i Florida, Gambia og Thailand.[4] Nokre engelske namn for slekta er lobster-claws, toucan beak, wild plantain og false bird-of-paradise. Den siste nemninga viser til at dei liknar på blomar frå slekta Strelitzia, som også blir kalla bird-of-paradise flowers.
Remove ads
Skildring


Dei urteaktige plantane blir mellom 0,5 og nær 4,5 meter høge, avhengig av art.[5] Dei enkle blada er 15–300 cm lange. Dei er karakteristiske avlange og sit anten spreidd eller motsett kvarandre på bladstilkar som ofte er lengre enn bladet, og ofte dannar store klumpar med alderen. Blomane blir danna på lange, opprette eller hengande forgreina blomestandar, og består av fargerike, voksaktige dekkblad, med små ekte blomar som kikker ut frå dekkblada. Vekstmåten til Heliconia minnar om den til Canna, Strelitzia og bananar, som dei er i slekt med. Blomane kan ha ulike sjatteringar av raudt, oransje, gult og grønt. Blomeforma gjer at dei ofte berre kan bli pollinerte av særskilde kolibriar frå vekstområdet.[6]
Blad
Bladforma minnar om hummarklør. Blad som sit ulike stader på planten har ulikt absorpsjonspotensial av sollys til fotosyntese når dei blir utsette for ulike styrker av lys.[7]
Blomar
Blomane dannar mykje nektar som tiltrekk pollinatorar. Dei vanlegaste av desse er kolibriar.[8]
Frø
Fruktene er blålilla og blir hovudsakleg spreidde av fuglar.[9] Studiar av frø etter spreiing har vist at storleiken ikkje var viktig for vidare vekst. Den største predasjonen av frø var frå pattedyr.[10]
Remove ads
Taksonomi
Heliconia er den einaste slekta i den monotypiske familien Heliconiaceae. Ho blei tidlegare rekna til familien Musaceae, som omfattar bananar (som Musa og Ensete[11]). APG-systemet frå 1998 og etterfølgjaren, APG II-systemet frå 2003, bekreftar Heliconiaceae som ein eigen familie i ordenen Zingiberales, eller ingefærordenen, innan kladen einfrøblada plant.
Utbreiing og habitat
Dei fleste av dei 194 kjende artane[1] stammar frå tropisk Amerika, men nokre få kjem frå ulike øyar vest i Stillehavet og Maluku.[2] Ein finn mange Heliconia-artar i tropisk skog i desse områda. Fleire artar blir dyrka som prydplantar, og nokre få veks forvilla i Florida, Gambia og Thailand.[4]
Økologi
Heliconia-artar er ei viktig matkjelde for skogkolibriar, særleg eremittar (Phathornithinae). Nokre av desse, som rustbrysteremitt (Glaucis hirsuta), nyttar også plantane til å ha reir i. Flaggermusa Ectophylla alba heldt også til i telt som ho lagar av heliconialauv.
Flaggermyser
Pollinering
Sjølv om Heliconia-plantar blir pollinerte nesten berre av kolibriar, skjer det og noko pollinering frå flaggermyser. Heliconia solomonensis blir pollinert av flaggermusa Melonycteris woodfordi på Salomonøyane. Heliconia solomonensis har grøne blomsetandar og blomar som opnar seg på natta, noko som er typisk for flaggermuspollinerte plan. Flaggermusa er den einaste kjende nattpollinatoren til Heliconia solomonensis.[12]
Habitat
Mange flaggermyser bruker heliconiablad til ly. Ectohylla alba bruker fem ulike Heliconia-artar til å laga teltforma skjul kvar dag. Flaggermysene tek ut sidevenene til bladet frå bladnerva i midten, slik at det foldar seg saman som eit telt. Denne strukturen vernar flaggermusa frå regn, sol og rovdyr. I tillegg er ikkje stilkane til Heliconia-blad sterke nok til å bera typiske flaggermuspredatorar, slik at lauvet rister og åtvarer flaggermusa om dei er nære.[13] Artane Artibeus anderseni og A. phaeotis lagar telt av Heliconia-blad på same måte.[14] Ei anna flaggermus, Thyroptera tricolor, har sugekoppar på handledda slik at ho kan klynga seg fast til dei glatte overflaten til Heliconia-blada. Denne flaggermusa kviler med hovudet opp i samanrulla blad frå plantane.[15]
Insekt

Heliconia gjev ly til fleire ulike insekt i dei unge samanrulla blada sine og i vassfylte høgblad. Insekt som held til i dei samanrulla blada finn ofte næring på den indre overflata til bladet, til dømes biller i familien Chrysomelidae. I blad som inneheld små mengder vatn er flugelarvar og biller dei viktigaste insekta. I blad med større mengde vatn finn ein typisk mygglarvar. Insekt som held til i høgblada lever ofte på vev frå bladet, nektar frå blomen, blomedelar, andre insekt, mikroorganismar eller detritus i vatnet. Nesten alle artar av Hispini-biller som nytter samanrulla blad er obligatoriske planteetarar av plantar i ingefærordenen, som Heliconia er ein del av. Desse billene lever i og et av det samanrulla bladet, stilkar, blomestandar eller av dei utrulla mogne blada til Heliconia-planten. I tillegg kan desse billene legga egg på bladoverflaten, bladstilkane til unge blad, eller i høgblada til Heliconia.[16] Nokre vepseartar som Polistes erythrocephalus bygger bol på den verna undersida til store blad.[17]
Kolibriar

Kolibriar er dei viktigaste pollinatorane av heliconiablomer mange stader. Diversifiseringa mellom kolibri-pollinerte takson i ingefærordenen og i kolibrifamilien (Trochilidae: Phaethorninae) byrja for kring 18 millionar år sidan, og støtter ideen om at desse endringane påverka kvarandre gjennom evolusjonær tid.[18][19] Ved La Selva forskingsstasjon i Costa Rica fann ein at spesifikke artar av Heliconia hadde spesifikke kolibriartar som pollinatorar.[20] Desse kolibriane kan delast inn i to ulike grupper: eremittar og ikkje-eremittar. Eremittar er underfamilien Phaethornithinae, som omfattar slektene Anopetia, Eutoxeres, Glaucis, Phaethornis, Ramphodon og Threnetes.[21] Ikkje-eremittar er eit samleomgrep for andre kolibriar som ofte vitjar heliconiablomar. Eremittar følgjer typisk ei gjenteken rute av blomar som gjev god avkastning i staden for å halda faste territorium.[20][22] Ikkje-eremittar har territorium kring særskilde Heliconia-klumpar, noko som gjev meir sjølvpollinering.[20] Nokre Heliconia-artar veks spreidd frå kvarandre, og passar godt for eremittar som flyg langt å pollinera. Andre artar har mange blomar tett saman, og passar betre for ikkje-eremittar.[23]
Eremittar har gjerne lange, runde nebb medan ikkje-eremittar pleier å ha korte, rette nebb, ein morfologisk skilnad som truleg bidrog til at gruppene byrja skilja seg frå kvarandre under miocen.[24][25]
Ulike Heliconia-artar har ulike blomstringsperiodar. Dette tyder på at artane konkurrerer om pollinatorar. Dersom mange ulike artar blømer samtidig, kan mykje av pollenet deira gå tapt når fuglane vitjar ulike blomar. Dersom berre ein type blømer om gongen har dei større sjanse for pollinering.[26]
Remove ads
Artar
Artar godkjende av Kew Botanic Gardens:[4]
Remove ads
Galleri
- Heliconia rostrata i ein botanisk hage i Costa Rica
- Heliconia i tropisk regnskog i Sierra del Escambray på Cuba
- Heliconia i Sierra del Escambray på Cuba
- Heliconia stricta dyrka på Maui
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads