Hello, I Must Be Going!
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Hello, I Must Be Going! er det andre studioalbumet til den engelske musikaren Phil Collins. Det kom ut 5. november 1982 på Virgin Records i Storbritannia og på Atlantic Records i Nord-Amerika. Namnet på albumet kjem frå Marx Brothers-songen med same namn som vart nytta i filmen Animal Crackers. Etter at bandet hans, Genesis, tok ein pause seint i 1981, byrja Collins arbeidet med oppfølgjaren til det første soloalbumet hans Face Value (1981).
Hello, I Must Be Going! fekk ikkje fullt så bra kritikk som Face Value, men nådde likevel andreplassen på singellista i Storbritannia og åttandeplassen i USA. I alt gav Collins ut åtte singlar frå albumet, men det var forskjellige singlar som kom ut i forskjellige land. Den mest suksessrike singelen var den første amerikanske og den andre britiske singelen, ein versjon av «You Can't Hurry Love» av The Supremes, som gjekk til topps i Storbritannia og nådde tiandeplassen i USA. Albumet vart marknadsført med ein turne med same namn, den første turneen hans som soloartist. Collins vart nominert til ein Brit Award for beste mannlege soloartist i 1983,[1] og «I Don't Care Anymore» vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege rockesong.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
I desember 1981 tok bandet til Collins, Genesis, ein åtte månader lang pause etter turneen for Abacab (1981) var over. Han byrja på ein oppfølgjar til det første soloalbumet sitt, Face Value (1981), som var eit stort sett personleg album som omhandla skilsmissa med den første kona hans.[2] Collins var klar over at Hello, I Must Be Going! hadde enno fleire songar om privatlivet hans, og meinte dette kom av at han hadde dårleg samvit i høve skilsmissa og «var berre ganske enkelt sentimental om det».[3] Han skildra albumet fleire år seinare: «Om det første albumet mitt var 'Eg er skild og er ulukkeleg ... så var det neste 'Eg skal sparke denne jævelen sunt».'[4] Då han møtte den andre kona si, Jill Tavelman, og gav ut Hello, I Must Be Going!, merka Collins ei endring i låtskrivinga si: «Eg er gladare no [...] eg skriv lukkelege songar».[3]
Albumet inneheld element av ein type pop som Collins kom til å utforske vidare på det neste albumet, No Jacket Required (1985).[2] «I Cannot Believe It's True» er eit omskrive arrangement av «I Missed Again» frå Face Value.[2] Collins hadde «ein fullstendig mangel på dømekraft» då han spelte inn trommene på «Thru These Walls» sidan han spelte eit trommemønster som var likt det han hadde gjort på «In the Air Tonight» på Face Value. For han var dette den einaste samanlikninga mellom dei to albuma, trass i at han vart utpeikt for å ha koke opp att det same materiale for Hello, I Must Be Going![3]
Plateomslag
Plateomslaget inneheld forskjellige fotografi frå familielivet til Collins, slik òg Face Value hadde gjort. Collins ønskte at albuma skulle vere eit «eit par, noko som kjendest ut som om det kom frå den same fyren».[3] Det inneheld eit bilete av den unge sonen Simon i supermannkostyme, som Collins syns var morosamt, men som gav han kritikk for å fokusere for mykje på privatlivet sitt.[3]
Remove ads
Utgjeving
Hello, I Must Be Going! kom ut 5. november 1982.[5]
Mottaking
AllMusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine sa: «Phil Collins byrja å injisere den særs melodiske popmusikken sin med meir soul og R&B på det andre soloalbumet sitt, Hello, I Must Be Going! Noko av det vart ein suksess, men mykje synte at han framleis sleit med å meistre R&B-teknikkane i stilen sin.»[16] I Rolling Stone skreiv John Milward om albumet: «Den rike glansen på albumet er av den gamle, klassiske rockeskulen. Faktisk høyrest albumet ut som eit nedstrippa Genesis, dekorativt, men ikkje for pent heller.»[13]
Turné
Collins marknadsførte albumet med ein turné i Europa og Nord-Amerika frå november 1982 til februrar 1983. Han spelte i lag med eit ni mann stort band[3] med mellom andre turnémusikarane til Gensis, Chester Thompson og Daryl Stuermer, og Phenix Horns.
Nyutgjeving
Albumet vart gjeve ut på ny og ommastra av Steve Hoffman for Audio Fidelity i 2011, og så gjeve ut som ein del av serien Take a Look at Me Now av Collins sine studioalbum i 2016, med ei bonusplate.
Innhald
Alle spor skrivne av Phil Collins, utanom «You Can't Hurry Love» av Holland–Dozier–Holland og «People Get Ready» og «It's All Right» av Curtis Mayfield
Remove ads
Medverkande
Musikarar
- Phil Collins – vokal, trommer (1–9), klaverinstrument (1–4, 6, 7, 9), basspedalar (1, 4, 9), perkusjon (2, 6, 9), klapping (3), pauker (4), trompet (4), tamburin (5), marimba (7), piano (8, 10)
- Daryl Stuermer – gitarar (1–9)
- John Giblin – bassgitar (2, 3, 5, 8)
- Mo Foster – bassgitar (6, 7)
- J. Peter Robinson – piano, vibrafon og klokkespel (5)
- The Phenix Horns – blåsarar (2, 6, 9)
- Michael Harris – trompet
- Rahmlee Michael Davis – trompet
- Don Myrick – alt- og tenorsaksofon, altsaksofonsolo (2, 9)
- Louis «Louie Louie» Satterfield – trombone
- The Phenix Choir – ekstra vokal (2)
- The Mountain Fjord Orchestra – strykarar (5, 8, 10)
- Martyn Ford – strykearrangement og dirigent
- Gavyn Wright – orkesterleiar
Produksjon
- Phil Collins – produsent
- Hugh Padgham – assisterande produsent, lydteknikar
- Howard Gray – assisterande lydteknikar
- Mike Ross – lydteknikar
- Ian Cooper – mastering
- Trevor Key – fotografi
Remove ads
Salslister
Album
Singlar
Salstrofé
{{Certification Table Entry|region=Netherlands|type=album|title=Hello, I Must Be Going!|artist=Phil Collins|award=Gull|relyear=1982|accessdate=19. mars 2020}
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads