Help Me av Joni Mitchell

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Help Me» er ein song skriven, produsert og framført av Joni Mitchell frå albumet hennar Court and Spark i 1974. Songen vart spelt inn med jazzbandet Tom Scott's L.A. Express som akkompagnement.[1] «Help Me» vart den største hitten til Mitchell og nådde sjuandeplassen i juni 1974 på Billboard Hot 100, som den einaste av songane hennar som nådde topp 10 på denne lista. Songen gjekk òg til topps på easy listening-lista.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Billboard skildra teksten på songen som «eit rom om hjelp til å kjenne seg bra.»[3]

Songen vart rangert på 288. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[4]

Remove ads

Andre versjonar

Artistar som har spelt inn songen er mellom andre:

  • Wynonna Judd (på albumet New Day Dawning i 2000)
  • Mandy Moore (i 2003 på albumet Coverage)
  • Karrin Allyson i 2004 på albumet hennar Wild For You.[5]
  • Divine Brown i 2005 på albumet hennar Divine Brown)
  • k.d. lang (i 2007 på albumet A Tribute to Joni Mitchell)
  • Katharine McPhee (i 2010 på luksusutgåva av iTunes-utgåva av albumet Unbroken)
  • Will Young i 2009 i eit konsertopptak frå London, gjeven ut som B-side på singelen Let It Go)
  • Judy Kuhn (i 2013 på albumet hennar All This Happiness)
  • Chaka Khan (i 2019 på konsertalbumet Joni 75: A Birthday Celebration)
Remove ads

I populærkulturen

Prince-songen «Ballad of Dorothy Parker» (frå albumet Sign o' the Times frå 1987) nemner songen i teksten: «..and it was Joni singing: ‘Help me, I think I'm falling’.» Ein kan òg høyre ein sampling av songen på «Looking Through Patient Eyes» av P.M. Dawn.

I showet South Park syng karakteren Butters denne songen i episode to av sesong 11. I sjette sesongen av TV-serien Shameless syng hovudrolla Frank Gallagher, og kjærasten Queenie, songen under ein frokost.

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1974), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads