Court and Spark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Court and Spark er det sjette studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, utgjeve i januar 1974. Det selde raskt og godt og fekk god omtale. Albumet er blitt skildra som pop, men blanda òg inn folkrock-stilen til Mitchell, som ho hadde på dei tidlegare fem albuma sine, i lag med element av jazz.
Albumet nådde andreplassen i USA og gjekk heilt til topps i heimlandet Canada. Det selde til slutt til dobbel platinaplate i USA og var det bestseljande albumet gjennom karrieren hennar.[4] Det nådde òg topp 20 i Storbritannia og vart kåra til det beste albumet i 1974 i Pazz & Jop-lista i The Village Voice, laga av ei rekkje kritikarar.[5] I 2003 vart albumet plassert på 111. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[6]
Remove ads
Historie
1973 var det første året sidan Mitchell starta karrieren sin at ho ikkje gav ut eit nytt album. Det førre albumet hennar For the Roses kom ut i november 1972 til god kritikk og selde godt. Så Mitchell valde å bruke det neste året på å skrive og spele inn eit nytt album, der ho utforska den nye interessa si for jazz. I løpet av 1973 heldt ho langt færre konsertar enn tidlegare. Ho spelte i april ein veldedigheitskonsert på Sir George Williams University Auditorium og to gonger i august i The Corral Club, i lag med Neil Young. Ho brukte det meste av året i platestudio, der ho spelte inn Court and Spark. Mitchell og lydteknikaren Henry Lewy henta inn ei rekkje av dei beste musikarane i Los Angeles for innspelinga av albumet, inkludert medlemmar av The Crusaders, Tom Scott-bandet L.A. Express, Robbie Robertson, David Crosby & Graham Nash og til og med litt komikk frå Cheech & Chong.
Til slutt gav Reprise ut ein ny singel i desember, den første på over eit år, «Raised on Robbery».[7] Publikum vart teken på senga over at Mitchell hadde gjeve ut ein rock'n'roll-song i 1950-talsstil. Singelen nådde berre 65. plassen på Billboard Singles Chart i februar 1974, kanskje på grunn av den nye, uventa retninga hennar.[8]
Remove ads
Mottaking
Court and Spark kom ut i januar 1974. Kritikarane og tilhengjarane tok varmt i mot albumet, og den neste singelen hennar, «Help Me», som kom ut i mars, oppnådde stor suksess. Han vart mykje spelt på radio og vart den første og einaste Topp 10-plasseringa hennar på Billboardlista, då singelen nådde 7. plassen den første veka i juni. Songen gjekk til topps på Adult Contemporary-lista.
Court and Spark selde særs godt og nådde andreplassen på Billboardlista, og låg der i fire veker. Albumet vart det bestseljande albumet til Mitchell og låg der i fire veker. Berre Bob Dylan sitt Planet Waves, Barbra Streisand sitt The Way We Were og John Denver sitt Greatest Hits heldt albumet unna førsteplassen.[16] Det nådde derimot toppen av dei amerikanske Cashbox og Record World-listene i ei veke kvar.[17][18]
I eit intervju i juli 1979 med Cameron Crowe for Rolling Stone, fortalte Mitchell at ho spelte Court & Spark for Bob Dylan like etter ho hadde spelt det inn, og at han sovna under gjennomlyttingar.[19]
Songaren Stevie Nicks fortalte at ho tok LSD til albumet: «Eg var med produsenten min, heime hos han, føre nokre høgtalarar som var høgare enn peisen hans, og eg var på ein trygg stad. Og eg sat der på golvet og lytta til denne plata. Det var ei ganske dynamisk oppleving.»[20]
Remove ads
Ærevisingar
- 27. februar 1974 hadde Court and Spark seld til gullplate i USA og 12. desember 1997 hadde det oppnådd dobbel platinaplate for to millionar selde eksemplar.[21]
- I 1974, vart Court and Spark stemnd fram som årets album i The Village Voice av ei rekkje kritikarar.
- Albumet vart stemt fram til 116. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums i 2000.[22]
- Rolling Stone har publisert tre lister over dei 500 beste albuma gjennom tidene og Court and Spark har vore med på alle utgåvene. I 2003 var det rangert på 111. plassen, i 2012 på 114. plassen og i 2020 på 110. plassen.[23]
- I 2006 vart Court and Spark inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[24]
- Grammyprisar
Innhald
Alle spor skrivne av Joni Mitchell, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Joni Mitchell – vokal, akustisk gitar, piano; clavinet på «Down to You»
- Tom Scott – treblåseinstrument
- Joe Sample – elektrisk piano; clavinet på «Raised on Robbery»
- Larry Carlton – elektrisk gitar på alle spor utanom «Car on a Hill», «Raised on Robbery» og «Trouble Child»
- Max Bennett – bassgitar på alle spor utanom «Free Man in Paris», «People's Parties» og «Trouble Child»
- John Guerin – trommer, perkusjon
- Andre medverkande
- Chuck Findley – trompet på «Trouble Child» og «Twisted»
- José Feliciano – elektrisk gitar på «Free Man in Paris»
- Wayne Perkins – elektrisk gitar på «Car on a Hill»
- Robbie Robertson – elektrisk gitar på «Raised on Robbery»
- Dennis Budimir – elektrisk gitar på «Trouble Child»
- Wilton Felder – bassgitar på «Free Man in Paris» og «People's Parties»
- Jim Hughart – bassgitar på «Trouble Child»
- Milt Holland – røyrbjøller på «Court and Spark»
- David Crosby – korvokal på «Free Man in Paris» og «Down to You»
- Graham Nash – korvokal på «Free Man in Paris»
- Susan Webb – korvokal på «Down to You»
- Cheech Marin, Tommy Chong – korvokal på «Twisted»
- Teknisk
- Joni Mitchell — plateprodusent
- Henry Lewy and Ellis Sorkin — lydteknikarar
- Anthony Hudson – kunstnarisk leiar, design
- Joni Mitchell – måleri
- Norman Seeff — fotografi
Remove ads
Salslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads