Here We Go av PeR

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Here We Go» var det latviske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på engelsk av PeR. Songen er skriven av Ralds Eilands og Arturas Burke.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Dziesma 2013

PeR sendte inn «Here We Go» og «Sad Trumpet» til Latvijas Televīzija (LTV) og båe songane vart valde ut til å delta i Dziesma 2013, den latviske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. For å delta i finalen måtte kvart bidrag kvalifisere seg i ein av dei to semifinalane. «Sad Trumpet» gjekk til finalen frå den fyrste semifinalen, men enda til slutt på tiandeplass.

Semifinale 2

Songen starta som nummer fire, etter «I Am Who I Am» av Marta Ritova og før «Fool In Love» av Dāvids Kalandija og Dināra. Bidraget enda på tredjeplass med fire poeng, ett poeng frå juryen og tre poeng frå fjernsynssjåarane, og gjekk vidare til finalen.

Finalen

Songen starta som nummer tolv, etter «Upside Down» av Sabīne Berezina. Bidraget vann med to poeng, eitt poeng frå juryen og eitt poeng frå fjernsynssjåarane, og gjekk vidare til superfinalen. Der vart songen framført som nummer to, etter «I Am Who I Am» av Marta Ritova og før «I Need A Hero» av Samanta Tīna. «Here We Go» fekk to poeng, eitt poeng frå juryen og eitt poeng frå fjernsynssjåarane, og vann. Songen vil dimed representere Latvia i Eurovision Song Contest 2013.

Remove ads

Eurovision Song Contest 2013

Kjappe fakta Eurovision Song Contest 2013, Resultat ...

Då «Here We Go» vann Dziesma 2013 vart det klårt at songen vil representere Latvia i Eurovision Song Contest 2013. Sidan berre Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Latvia vart tildelt ein plass i den andre semifinalen 16. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 2

Songen vil starte som nummer éin, før San Marino med «Crisalide (Vola)» av Valentina Monetta.

Remove ads

Kjelder

Mal:Latviske songar i Eurovision Song Contest

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads