Hold on Tight av Electric Light Orchestra

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Hold on Tight» er ein song skriven og framført av Electric Light Orchestra (ELO). Songen er det tolvte sporet på albumet Time frå 1981 og den første singelen frå albumet. Songen nådde topp 10 i mange land, med ein førsteplass i Sveits, andreplass i Tyskland, fjerdeplass i Storbritannia[2] og tiandeplass i USA på Billboard Hot 100, i tillegg til ein andreplass på Billboard Top Rock Tracks i USA.[3] Eine verset i songen er sungen på fransk.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Musikkvideo

Det føregåande året hadde David Bowie laga ein musikkvideo for hans «Ashes to Ashes», som vart rekna som den mest innovative til då.[4] ELO vart rekna for å ta det eit steg vidare med musikkvideoen for «Hold On Tight».[5] På den tida var videoen den dyraste som var laga til då, og kosta kring 40 000 britiske pund.[5] Han var filma i svartkvit og er ei hyllest til gamle episodefilmar der ELO spelar i scenane.[6]

Remove ads

I andre media

I midten av 1980-åra vart songen nytta i ein fjernsynsreklame for The Coffee Achievers.

Alvin and the Chipmunks spelte inn songen i 1982 for albumet Chipmunk Rock.

I 2005 vart «Hold on Tight» nytta i ein reklame for Ameriquest. Songen vart spelt i siste episoden av sesong 1 av My Name Is Earl.

Lister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1981), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1981), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads