Hopiar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Hopiar
Remove ads

Hopiar er eit uto-aztekisk urfolk i nordaustlege Arizona i USA. Dei tilhøyrer kultursfæren til pueblofolket. Ved folketeljinga i 2000 meldte 15 275 menneske at dei rekna seg som heilt eller delvis hopi.[1] Ved folketeljinga i 2010 rekna rundt 19 338 innbyggjarar seg som hopiar.[2] Dei fleste av dei er medlemmer av Hopi Tribe of Arizona.[3]

Thumb
Ei hopikvinne kjemmar ei ugift jente.
Thumb
Dancers' Rock og hopibustader i First Mesa.

Dei fleste hopilandsbyane ligg i dag på toppen av mesaer nord i Arizona. Opphavleg slo hopiane seg ned ved forten av desse bordfjella, men i løpet av 1600-talet flytta dei opp på dei for å verna seg mot utefolk, apachar og spanjolar.[4] Reservatet til hopifolket dekkjer 6557 km² og er heilt omgjeve av navaho-reservat. Nokre hopiar bur i Colorado River Indian Reservation ved Colorado-elva i vestre Arizona saman med mojavefolk. Saman med dei bur òg hopi-tewafolk.

Remove ads

Endonym

Hopifolk kallar seg sjølve hopituh sinom, ‘hopifolket’. Hopi (bokstaveleg ‘oppfører seg’) er eit ord som representerer det åndelege måla hopifolk strevar etter; ein åndeleg tilstand der ein er i fullstendig balanse med omgjevnaden sin og i harmoni med alle ting; å leva opp til læra til guden Maasaw. Tradisjonelt har hopifolk vore skilde i matrilineære klanar, dvs. at når ein giftar seg blir barna i ekteskapet medlemmer av klanen til kona. Ein av dei mest framståande klanane er Bjørneklanen.

Remove ads

Tradisjonell kultur

Thumb
Illustrasjon av katsinafigurar.
Thumb
Hopiflis frå seint 1800- eller tidleg 1900-tal, no ved Brooklyn Museum.

Hopiar har meir enn mange andre urfolk i USA halde fast på den tradisjonelle, seremonielle kulturen sin, sjølv om dei òg er blitt påverka av majoritetskulturen. Den tradisjonelle næringsvegen deira var sjølvbergingsjordbruk, som hopiar beherska vel. I moderne tid har innføringa av elektrisitet og behovet for bilar og andre forbruksvarer gjort at hopiar i høgare grad nyttar pengar og har søkt arbeid utanfor dei tradisjonelle områda sine ved sida av det tradisjonelle forsørginga si. Hopiar har òg blitt påverka av misjonærar frå fleire ulike trussamfunn, masseforbruk og alkoholisme, men har likevel halde på fleire av tradisjonane sine.

Remove ads

Busetnader

Thumb
Landskap i hopi-heimlandet.

Tradisjonelle landsbyar

Thumb
Gamle hus i utkanten av Oraibi.

Fyrste mesa

  • Walpi
  • Tewa (Hano), hovudsakleg folkesett av hopi-tewafolk
  • Sichomovi

Andre mesa

  • Shongopovi
  • Mishongnovi
  • Sipawlavi

Tredje mesa

  • Hoatvela
  • Paaqavi
  • Moenkop
  • Oraibi

Nyare busetnader

Thumb
Keams Canyon
  • Keams Canyon
  • Lower and Upper Moenkopi
  • Polacca, rundt ein tredel hopi-tewafolk
  • Winslow West
  • Yuh Weh Loo Pah Ki (Spider Mound)]
  • New Oraibi eller Kiqotsmovi

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads