Hunedoara
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hunedoara (tysk Eisenmarkt, ungarsk Vajdahunyad) er ein by i Romania i Hunedoara fylke i Transilvania. Han ligg i Cernadalen nær Poiana Ruscă-fjella i Karpatane. Byen har om lag 50 000 innbyggjarar.
I Hunedoara ligg det gotiske Hunyadslottet, som er knytt til Corvin-familien. Slottet var opphavleg ein liten kongeleg residens som vart gjeve til Vajk (rumensk Voicu) av Sigismund av Det tysk-romerske riket i 1409. Sonen til Vajk, Johannes de Hunyad, bygde ut slottet til ein gotisk residens i 1446.
I tillegg til den rumenske folkesetnaden er det òg ein del etniske ungarar og tyskarar i Hunedoara.
Byen hadde tidlegare det nest største stålverket i Romania, men dette er no nedlagt.
Remove ads
Busetnader

Hunedoara er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:
Storbyområde
Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Hunedoara, fylkeshovudstaden Deva, bykommunane Simeria og Călan (oraș) og dei tre mindre kommunane (comună) Băcia, Cârjiți, Pestișu Mic.[3]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads