Franske monarkar

Wikimedia-listeartikkel From Wikipedia, the free encyclopedia

Franske monarkar
Remove ads

Monarkar av Frankrike er eit oversyn over franske kongar og keisarar sidan Hugo Capet.

Thumb
Det franske kongevåpenet frå 1589 til 1789, innført av Henrik IV og nytta fram til den franske revolusjonen.

Det oppstod eit rike styrt av éin herskar i GalliaVestromarriket byrja å falla saman på 400-talet. Dei saliske frankarane blei den leiande stammen i området og under dei blei Frankarriket grunnlagt. Dette blei seinare til Frankrike. Merovingarane blei den herskande ætta over alle frankarane på byrjinga av 500-talet og kom til å herska til midten av 700-talet, då den siste merovingiske kongen blei avsett av Pipin den yngre, som var far til Karl den store. Denne grunnla så den nye kongeslekta karolingarane, som i sin tur kom til å herska over Frankarriket og, etter at det blei delt gjennom traktaten i Verdun i 843, Vestfrankarriket fram til slutten av 900-talet.

I 987 blei Hugo Capet den første kapetingarkongen. Frå dette tidspunktet byrja riket meir å bli sett på som Frankrike snarare enn Det vestfrankiske riket, sidan ein starta å gå bort frå planane om å gjenforeina det med Burgund og Det austfrankiske riket. Sjølv om tittelen «konge av frankarane» offisielt fanst fram til byrjinga av 1200-talet starta han gradvis å bli mindre nytta og standardtittelen blei «konge av Frankrike». Også tittelen «konge av Frankrike og Navarra» blei brukt frå slutten av 1200-talet til byrjinga av 1300-talet og frå slutten av 1500-talet til utbrotet av den franske revolusjonen i 1789. I den korte perioden før Ludvig XVI blei avsett nytta ein tittelen «konge av franskmennene», noko som også tok til igjen etter julirevolusjonen i 1830. Både Napoléon Bonaparte og Napoleon III var keisarar og bar derfor tittelen «keisar av franskmennene».

Med den franske revolusjonen blei det franske kongedømet avskaffa og det blei innført republikk, men etter nokre år gjorde Napoleon Bonaparte seg til keisar og monarkiet blei dermed gjenoppretta på byrjinga av 1800-talet. I 1848 blei Frankrike republikk igjen, men denne ordninga blei avskaffa i 1852. Då blei Napoleon III keisar i landet. Han blei avsett i 1870 og landet blei republikk på nytt, noko det har blitt verande.

I tillegg til dei franske kongane gjorde òg dei engelske regentane krav på den franske trona. I ein kort periode hadde kravet eit visst grunnlag, sidan Karl VI gjennom traktaten i Troyes i 1420 erkjente svigersonen Henrik V av England som fransk regent og tronarvingen sin. Henrik V døydde før Karl VI og derfor etterfølgde sonen hans Henrik VI av England morfaren sin Karl VI som konge av Frankrike. Store delar av Nord-Frankrike var i hendene til engelskmennene til 1435, men i 1453 var engelskmennene blitt drivne bort frå heile Frankrike bortsett frå Calais og Kanaløyane. Dei skulle komma til å behalda Calais i endå 100 år, til 1558.

Remove ads

Huset Capet

Huset Capet er navnet på kongeslekten som styrte kongedømmet Frankrike i årene 987 til 1328. Huset Capet har fått navn etter Hugo Capet, den første kongen fra denne slekten.

Meir informasjon Namn, Levetid ...
Remove ads

Huset Valois

Den direkte mannlege linja av Huset Capet døydde ut i 1328 då ingen av dei tre sønnne til Filip IV klarte å produsere ein mannleg arving som kunne overta trona.

Etter at Karl IV døydde i 1328 ghekk trona videre til Huset Valois. Medlemmane av slekta var direkte etterkomarar av Karl av Valois, som var ein yngre son av Filip III.

Meir informasjon Namn, Levetid ...
Remove ads

Huset Bourbon

Etter at Henrik III blei drepen i attentat og døydde utan arvingar var Henrik III av Navarra ein av dei næraste til å arva trona.

Han var blant anna etterkomar av Ludvig IX i mannleg linje, tremenning og svoger gjennom første ekteskap med Margrete av Valois av Frans II, Karl IX og Henrik III.

Meir informasjon Namn, Levetid ...

Den første franske republikken

Mange nekta å godkjenna at monarkiet blei oppløyst og rekna Ludvig XVI som konge fram til han døydde i 1793, og deretter sonen hans, Ludvig XVII, fram til han døydde i 1795, og så Ludvig XVIII fram til restorasjonen i 1814.

Det første franske keisardømet

Meir informasjon Namn, Bilde ...

1 I eksil i Elba 30. april 18141. mars 1815

Remove ads

Huset Bourbon

Meir informasjon Namn, Bilde ...

1 Eksil i Gent 23. mars–8. juli 1815.

Remove ads

Julimonarkiet

Frå 31. juli til 9. august 1830 var Ludvig-Filip hertug av Orléans under tittelen «general-løytnant av kongedømmet». Den 9. august 1830 etablerte han Julimonarkiet.

Meir informasjon Namn, Bilde ...

Den andre franske republikken

Meir informasjon Namn, Bilde ...

Det andre franske keisardømet

Meir informasjon Namn, Bilde ...

1 Fange i Preussen frå 2. september 1870

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads