Husrom

From Wikipedia, the free encyclopedia

Husrom
Remove ads

Husrom er ein stad ein har tak over hovudet, golv under og veggar rundt seg. Ofte vil dei også ha vindauge og ei eller fleire dører. Det er vanleg at hus over ein viss storleik blir delte inn i rom til ulik bruk, som kjøkken, baderom, opphaldsrom og soverom.

Thumb
Mammas och småflickornas rum av Carl Larsson er eit soverom.

Rom ein kan leiga, i hotell og liknande, følgjer gjerne ei standardisert inndeling i enkeltrom, dobbeltrom og så bortetter.

Remove ads

Historie

Mange tradisjonelle hustypar har berre eitt rom med eldstad, sovestader og opphaldsområde. Dette er enkelt å byggja og er vanleg i til dømes telthus, igloar, mindre hytter og liknande. I større uoppdelte hus, som langhus, kan ein då få store hallar eller salar.

Tidlege bysivilisasjonar som Induskulturen og Den minoiske sivilisasjonen brukte stein eller murstein til å laga hus med fleire rom, gjerne fleire etasjar. Romarane bygde både bustadblokker (insulae) og herskapshus (domus og villa) med fleire klårt definerte rom. I nokre høve har desse inspirert moderne rom, som atrium og vestibyle.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Husrom


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads