Hymas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hymas traktorgravarar vart produserte av Brumunddal Mekaniske Verksted, frå 1955 og utover. Hymas står for HYdraulisk MASkin. I fylgje Reidar Heiren i Traktor[1] kom gravemskinproduksjonen i gang då Hroar K. Nilsen, som hadde vore avdelingssjef ved Hamjern, innleidde eit samarbeid med Øivind Kristoffersen, som eigde Brumunddal Mekaniske Verksted. Den fyrste modellen vart kalla Hymas H1. I motsetnad til Hamjern, som selde maskinane sine gjennom Ford-importøren Eik & Hausken, og Ferguson-importøren Eikmaskin, som selde Sesam-maskinane saman med Ferguson-traktorar, produserte Hymas monterinsbrakettar for fleire ulike traktormerke. Dette førte til auka sal og forutan Noreg vart maskinane eksporterte til Sverige og Danmark. I tillegg til produksjonen i Brumunddal vart det i 1959 starta produksjon i Hudiksvall i Sverige (Svenska Hymas). Hymas vart den største traktorgravarprodusenten i Norden og i 1964 vart det produsert opp mot 800 maskinar[1]. I 1973 tok Hymas til å levera frontlastaren HL 31 og på 1980-talet fylgde HL 21, men desse vart produserte av Stamas på Stange, som etter kvart tok over rettigheiten og selde lastarane under varemerket «Stamas»[2]. Det vart òg produsert og frontskjer, plus ei mengd med ulike skuffer og anna reiskap.


I 1965 vart namnet på føretaket endra til A.S. Hymas. Seinare vart det vart oppkjøpt av Lundberg, som i sin tur vart oppkjøpt av det finske føretaket Valmet. Maskinene vart då selde som Valmet-maskiner, som traktorgravaren Valmet 6000 og den rundtsvingande beltemaskina Valmet 8200.
Då Valmet la ned fabrikken i Brumunddal tok dei tilsette over føretaket og heldt fram under namnet Hymax. Føretaket produserer ikkje lenger maskiner, men importerer dei frå andre produsentar.
Remove ads
Galleri
- Hymas gravemaskin nr. 1 på Bolinder Munktell traktor.
- Hymas gravemaskin med snøskuffe på ein Bolinder Munktell traktor utanfor fabrikken i Brumunddal.
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads