Sesam Maskinfabrikk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sesam Maskinfabrikk
Remove ads

Sesam Maskinfabrikk var eit føretak, eigd av Eikmaskin i Stavanger, som produserte traktorgravar, frontlastarar og anna traktorreiskap.

Kjappe fakta Skipa, Nedlagd ...
Thumb
Ferguson TE20 med Sesam gravemaskin og frontskjer.
Thumb
Sesam traktor- og lastebilkran.

Eikmaskin var importør for Ferguson/Massey Ferguson traktorar i Noreg. Då Hamjern i 1953 tok til å produsera gravemaskinar på Hamar vart desse seld av konkurrenten Eik & Hausken, som var importør av Fordson traktorar. Eikmaskin klarte då å få agenturet på Shawnee gravemaskinar, som Eik & Hausken tidlegare hadde importert[1]. I 1956 inngjekk Eikmaskin eit samarbeid med Sirevaag og Frøiland Mek. Industri i Stavanger. Frøiland produserte Shawnee-maskiner på lisens og Eikmaskin selde dei, under merkenamnet «Norsk Shawnee», montert på Ferguson-traktorar.

Frå og med 1961 tok Eikmanskin til å kalla maskinanen «Sesam». Dette var eit varemerke dei alt nytta på frontlastarar som Frøiland produserte for dei[1]. I 1963 overtok Eikmaskin Sirevaag og Frøiland Mek. Industri og endra namnet til «Sesam Maskinfabrikk»[2]. I 1963 tok dei til å produsera ei større maskin, Sesam 500, som saman med frontlastarar vart hovedproduktet i fleire år framover. På den svenske marknaden vart maskina kalla Eik 500. Det vart òg produsert vernebøyler, grøftefresar og lastebilkraner, som òg vart montert på traktoren Massey Ferguson 165. I 1968 vart det bygd ein ny fabrikk Jåttåvågen[2]. Ein ny serie med frontlastarar tilpassa Massey Ferguson 100-serien, kalla «Sesamatic», vart då innført[3].

Framveksten av petroleumsverksemda i Rogaland pressa opp lønningane, og gjorde at det vart vanskeleg å få tak i og behalda fagfolka som Sesam var avhengige av. I 1973 la difor Eikmaskin ned sin eigen produksjon og sette han bort til andre føretak, som Astor Mek. Verksted på Sola og fram til 1981 Stiansen & Øya i Agder. Ein gong på 1980-talet overtok Astor rettigheitene til både gravemaskinane og frontlastarane og endra merkenamnet til «Astor». I 1973 vart produksjonen av kranene overført til Hymas i Brumunddal.

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads