Hymn av Ultravox

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Hymn» er ein song frå 1982 av Ultravox, gjeven ut som den andre singelen frå albumet deira, Quartet. Songen nådde 11. plassen på den britiske singellista og topp 10 i Tyskland og Sveits.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Historie

Songen vart skriven av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure og produsert av George Martin. Singelomslaget syner visse symbol frå frimureri, mellom anna kompass og kvadrat.

Trommeslagaren Warren Cann skreiv refrenget på «Hymn» og var kraftig inspirert av The Zones-songen «Mourning Star» (1977). Chris Cross skreiv versa med hjelp av Midge Ure, medan Billy Currie skreiv mellomspelet.

Teksen omhandlar ei tid med korrupsjon.

Remove ads

Innhald

7"-versjon

  1. «Hymn» [singel] – 4:24 (tekst: Midge Ure - musikk: Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie, Midge Ure)
  2. «Monument» – 3:16 (Warren Cann, Billy Currie)

12"-versjon

  1. «Hymn» – 5:46
  2. «Monument» – 3:16
  3. «The Thin Wall (Live)» – 5:54 (tekst: Midge Ure, Warren Cann - musikk: Warren Cann, Billy Currie, Midge Ure)

Andre versjonar

Songen har blitt spelt av mange andre artistar, som Magna Charta (1990), Cabballero (1994), Cosmo (1994), det tyske electro-prosjektet Music Instructor (1995), Supporters (1997), The Stunned Guys (1998), Edguy (1998), DJ Jaxx (2000), 4 Clubbers (2002) Gigi D'Agostino (2003), Lunatica (2004), Tina Cousins (2004), den polske DJ-en Psychophaze (2005), Mägo de Oz (under namnet «Mañana empieza hoy») (2005), Raz Ohara (2005), Age Pee (2006), Trancemission (2006), Parasytic (2008), PROXIMITY (2010), Kirlian Camera (2011), Mägo de Oz igjen (2013) og Marnik & Danko (2018)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads