I'll Never Fall in Love Again
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I'll Never Fall in Love Again» er ein popsong av Burt Bacharach med tekst av Hal David. Han vart opphavleg skriven i 1968 for musikalen Promises, Promises, og vart raskt ein av dei mest kjende Bacharach/David-songane. Han vart introdusert i showet av Jerry Orbach og Jill O'Hara.[treng kjelde] Han vart nominert til Grammy-prisen for årets song i 1969. Ein versjon med songarane i studio vart gjeven ut som singel under Burt Bacharach sitt namn i 1969 og selde moderat.
«I'll Never Fall in Love Again» vart ein hit for Bobbie Gentry då han nådde førsteplassen på UK Singles Chart i Storbritannia i oktober 1969.[1] I januar 1970 nådde han sjetteplassen på Billboard Hot 100 og toppen av Easy Listening-lista for Dionne Warwick.[2] Warwick-versjonen var arrangert og produsert av Burt Bacharach og spelt inn i 1969 med Gary Chester på trommer. Denne nådde tredjeplasse på den kanadiske singellista og vart ein internasjonal millionseljar. Albumet til Warwick med same namn inneheld singelen som vann Grammy-prisen i 1971 for beste kvinnelege popsong. Versjonen til Ella Fitzgerald vart ein mindre hit i september 1969. Det var òg den bestseljande singelen til det skotske bandet Deacon Blue, som nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1990.
Remove ads
Andre versjonar
Utanom versjonane nemnde over er songen blitt spelt av mange andre artistar, mellom andre:
- Herb Alpert
- Liz Anderson (56. plass på Billboard Hot Country Singles-lista i 1972)
- Chet Atkins
- Shirley Bassey (i 1969 på albumet Does Anybody Miss Me)
- Deacon Blue (andreplassen i Storbritannia og Irland) på albumet Four Bacharach & David Songs i 1990
- The Carpenters
- Mary Chapin Carpenter
- Elvis Costello & Burt Bacharach (for filmen Austin Powers: The Spy Who Shagged Me i 1999)
- The Dells
- Ella Fitzgerald
- Bobbie Gentry – Touch 'Em with Love (1969), Fancy (1970)
- Emmylou Harris (i 1969 på albumet Gliding Bird)
- Isaac Hayes (i 1971 på albumet Black Moses)
- Sean Hayes og Kristin Chenoweth
- Bradley Joseph
- Ronan Keating på albumet When Ronan Met Burt (2011)
- Mark Lindsay (i 1970 på albumet Arizona)
- Johnny Mathis
- Liza Minnelli
- Anne Murray
- Trijntje Oosterhuis
- The Real Group
- Sitti
- Catherine Spaak & Johnny Dorelli
- Dusty Springfield
- Tok Tok Tok
- Ornella Vanoni
- Dionne Warwick (6. plass i USA, 3. plass i Canada. 17. plass US R&B, 1. plass US Adult Contemporary)
- The Whitlams
- Wilson Simonal (brasiliansk songar på albumet Mexico 70)
- Elvis Presley
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads