I'm Afraid of Americans

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«I'm Afraid of Americans» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut på singel frå albumet Earthling i 1997. Songen var skriven av Bowie i lag med Brian Eno, og var opphavleg spelt inn under innspelinga av Outside i 1995[1] men ikkje gjeve ut før ei grov miks kom ut på musikken til filmen Showgirls. Songen vart så spelt inn på ny for Earthling. Songen vart ein topp 20-hit i Canada og nådde 66. plassen på Billboard Hot 100 og låg 16 veker på lista. Dette var den siste singelen til Bowie som nådde Hot 100 før «Blackstar» og «Lazarus» etter han døydde.

Meir informasjon A-side, B-side ...
Remove ads

Bakgrunn

Bowie skildra kjenslene bak songen: «Han er eigentleg ikkje så fiendtleg mot amerikanarar som til dømes «Born in the U.S.A.»: han er berre sardonisk. Eg reiste til Java då den første McDonald's-restauranten kom der. Og det var som, «jammen for faen då.» Invasjonen av ein kva som helst homogenisert kultur er så deprimerande, oppføringa av enno ein Disney World i, til dømes Umbria, enno meir. Det kveler den urfolkskulturen og avgrensar livsuttrykket.»[2]

Remove ads

Utgjevingar

«I'm Afraid of Americans» var opphavleg spelt inn med David Richards som lydteknikar og ein grov miks kom ut på albumet for filmen Showgirls i 1995 (der refrenget er «I'm afraid of the animals,» i staden for «I'm afraid of Americans»). Han vart så spelt inn på ny for Earthling.

Ein CD-singel for «I'm Afraid of Americans» kom ut i USA og Canada. Singelen inkluderte ikkje albumversjonen av songen, men i staden fleire miksar laga av Nine Inch Nails og drum and bass-artisten Photek. Nine Inch Nails sin «V1»-miks vart meir populær enn originalversjonen, hovudsakleg på grunn av den tilhøyrande musikkvideoen, som førte til at han kom ut på somme utgåver av dei seinare samleplatene Best of Bowie (2002), Nothing Has Changed (2014), and Bowie Legacy (2016).

Showgirls-versjonen, Nine Inch Nails sin «V1»-miks og Mark Plati sin «Original Edit,» var alle på bonusplata som følgde digibook-utgåva av Earthling i 2004.

Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1997–98), Plassering ...

Versjonar og remiksar

Meir informasjon Tittel, Miks og ekstra produksjon ...

Nine Inch Nails: Trent Reznor, Charlie Clouser, Keith Hillebrandt, Dave «Rave» Ogilvie, Danny Lohner

Remove ads

Innhald

CD og 12"
Virgin / 8 38618 2 (USA)

A-side:

  1. «I'm Afraid of Americans» (V1) – 5:31
  2. «I'm Afraid of Americans» (V2) – 5:51
  3. «I'm Afraid of Americans» (V3) (med Ice Cube) – 6:18
  4. «I'm Afraid of Americans» (V4) – 5:25

B-side:

  1. «I'm Afraid of Americans» (V5) – 5:38
  2. «I'm Afraid of Americans» (V6) – 11:18
CD-promo
Virgin / DPRO-12749 (USA)
  1. «I'm Afraid of Americans» (V1 Edit) – 4:30
  2. «I'm Afraid of Americans» (Original Edit) – 4:12
  3. «I'm Afraid of Americans» (V3) (med Ice Cube) – 6:06
  4. «I'm Afraid of Americans» (V1 Clean Edit) – 4:30
Remove ads

Personnel (singel)

  • David Bowie – solo- og korvokal
  • Brian Eno – synthesizer
  • Trent Reznor – elektrisk gitar, bass, trommer, korvokal
  • Tekst av David Bowie, musikk av Bowie og Brian Eno
  • Alle spor – produsert på ny av Nine Inch Nails (Trent Reznor, Charlie Clouser, Keith Hillebrandt, Dave «Rave» Ogilvie, Danny Lohner)
  • Utanom V5 – remiks av Photek

Konsertversjonar

Sonic Youth framførte songen i lag med Bowie på konserten hans i høve 50-årsdagen hans i New York City i januar 1997. Ein versjon framført i juli 1997 under Earthling-turneen kom ut på Look at the Moon! (Live Phoenix Festival 97) (2021), og eit anna opptak spelt inn under GQ Awards i New York City den 15. oktober 1997, kom ut på LiveAndWell.com i 2000 (og på ny i 2021). Bowie framførte songen igjen for 40-årsdagen til Howard Stern i 1998. Bowie spelte songen 25. juni 2000 på Glastonburyfestivalen som kom ut i 2018 på Glastonbury 2000.[4] Eit anna konsertopptak av Bowie, spelt inn på BBC Radio Theatre i London den 27. juni 2000, kom ut på bonusplata som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000.[5] Songen vart framført under Reality-turneen i 2003 og ein versjon spelt inn i Dublin i Irland i november 2003 vart gjeven ut på DVD-en A Reality Tour i 2004, i tillegg til konsertalbumet A Reality Tour i 2010.[6] Eit anna konsertopptak kom ut i 2021 på David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99) som ein del av plateboksen Brilliant Live Adventures.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads