Nothing Has Changed

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nothing Has Changed er eit samlealbum av den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut 18. november 2014 på Parlophone i Storbritannia og Columbia Records og Legacy Recordings i USA. Albumet kom ut i fire format: ein tredobbel CD-versjon (der songane kom i motsett kronologisk rekkjefølgje), ein dobbel CD-versjon (i kronologisk rekkjefølgje), ein dobbel LP-versjon og ein enkel CD-versjon[1], som kom ut eksklusivt i utvalde land.[2][3]

Meir informasjon David Bowie-kronologi, Singlar frå ...

Det er det første albumet som syner heile karrieren til Bowie fram til då, frå den første singelen hans «Liza Jane» i 1964 til «Sue (Or in a Season of Crime)», ein ny komposisjon spelt inn spesifikt for samlinga. Dei ulike formata av albumet har alle ulike spor og miksar samanlikna med dei andre. Den tredoble versjonen inneheld dei fleste, som songar frå det ikkje-utgjevne albumet Toy. Samlinga inneheld òg mange avvik i sporlistene. Tittelen kjem frå ein tekst i songen «Sunday» frå albumet Heathen frå 2002. Kvar av dei ulike formata har eit ulikt plateomslag, alle designa av Jonathan Barnbrook og alle syner Bowie som ser på seg sjølv i ein spegel.[4]

Då det kom ut gjekk albumet inn på niandeplassen på den britiske albumlista og vart det 29. albumet til Bowie som gjekk inn på topp 10. Etter at Bowie døydde i 2016 klatra albumet heilt til femteplassen og gjekk òg inn på lista i andre land. Det har selt til gullplate i Storbritannia. Den tredoble utgåva av Nothing Has Changed fekk god omtale av kritikarane og mange likte den reverserte kronologiske rekkjefølgja, som gav eit anna syn på karrieren hans. Men det fekk likevel kritikk for at det ikkje hadde med nokre songar frå Tin Machine-tida til Bowie, og for at Berlintrilogien (1977–1979) var underrepresentert. Likevel vert det rekna som eit av dei beste samlealbuma av Bowie.

Ei revidert utgåve av dobbeltutgåva av Nothing Has Changed, kalla Bowie Legacy, kom ut 11. november 2016 og inneheld utval frå det siste studioalbumet hans, Blackstar (2016).[5][6]

Remove ads

Bakgrunn og innhald

9. september 2014 vart albumet annonsert på nettsida til Bowie og Facebook.[7]

Dei ulike formata av Nothing Has Changed hadde alle forskjellig innhald og miksar samanlikna med dei andre. Den tredoble versjonen inneheld songar frå det ikkje-utgjevne albumet til Bowie frå 2001, Toy: «Your Turn to Drive», som tidlegare berre var ein digital singel, og ein ikkje tidlegare utgjeven nyinnspeling av «Let Me Sleep Beside You»,[8] i tillegg til Ken Scott-miksen av «Life on Mars?» frå 2003 og Tony Visconti-miksen av singelutgåva av «Young Americans» frå 2007, stereomiksen av «All the Young Dudes», og ein 4:08 lang radioversjon av «Love Is Lost (Hello Steve Reich mix)» (dei to sistnemnde finst òg på den doble versjonen). Alle formata inneheld det biografen Nicholas Pegg kalla ein «høglydt» singelmiks av «Starman», medan 1- og 2-plate versjonen inneheld ein 4:46 lang promoversjon av «Absolute Beginners».[9]

Men samlinga har fleire avvik i sporlista. 'UK stereo mix' av «Space Oddity» på vinyl- og 1-CD-versjonane er i røynda ein ny forkorta versjon av ein ommastra versjon frå 2015 Pegg skriv òg at songen er i mono. Versjonen av «Diamond Dogs» er ein ny forkorta versjon med både ein inntoning og ein tidlegare uttoning, medan «Ziggy Stardust» er utan dei siste gitarnotane. Sporet oppført som «Fashion (singelversjon)» er i røynda ikkje den originale singelversjonen, og har blitt feilaktig redigert. Versjonen av «Under Pressure», «Dancing in the Street» og «Buddha of Suburbia» er dei originale singelversjonane, men står ikkje oppførte slik.[10] «Silly Boy Blue», spor 18 på plate 3, er feilaktig oppført som ein song frå David Bowie (1969) men er i røynda frå det sjølvoppkalla albumet David Bowie (1967). Pegg skreiv vidare at Tin Machine-perioden er heilt fråverande frå samlinga og at Berlintrilogien berre er representert med ein song per album, og at det manglar mange konsertopptak.[11]

Remove ads

Utgjeving

Nothing Has Changed gjekk inn på den offisielle UK Albums Chart på niandeplassen då det kom ut og vart det 29. albumet til Bowie som nådde topp 10 i heimlandet,[12] sjølv om det raskt fall ut av topp 30.[13] Trass i at det gjekk inn på topp 100 ved fire høve i 2015, gjekk det ikkje inn att på topp 40 dette året.[13]

15. januar 2016 gjekk albumet inn att på lista og nådde femteplassen, etter meldinga om at Bowie var død ei veke tidlegare.[14] To veker seinare låg Nothing Has Changed framleis på femteplassen den 29. januar, i ei veke der fire andre Bowie-album låg på topp 10. Han vart då den første artisten som fekk fem album samstundes på topp 10 i Storbritannia sidan Michael Jackson, som hadde seks album på lista i juli 2009 etter han døydde.[15] Totalt hadde Bowie tolv album inne på topp 40, som var ei tangering av rekorden til Elvis Presley etter han døydde i 1977.[15] Nothing Has Changed gjekk òg inn på topp 10 i fleire andre land og gjekk mellom anna til topps i New Zealand (der det låg i fire veker), tredjeplassen i Australia, fjerdeplassen i Austerrike og Tyskland, og femteplassen i Sveits. Det gjekk òg inn på topp 10 i Belgia, Ungarn, Italia og Nederland.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Nothing Has Changed, særskild den tredoble versjonen, fekk god omtale. Kritikarar likte godt den reverserte kronologiske rekkjefølgja på songane. Stephen Thomas Erlewine skreiv i AllMusic at «det er ein lur måte å vitje og kontekstualisere ein karriere på ny som har vore dokumentert på samleplater så mange, mange gongar.»[17] Evan Sawdey i PopMatters var samd og skreiv at rekkjefølgja på den tredoble utgåva skapar «ei fascinerande lydoppleving», og gav lyttaren ei kjensle av Bowie si «forskrudde særheit» frå tidleg i karrieren, og ein smak av kor påverknaden han har hatt.[24] Cody Ray Shafer i Under the Radar likte rekkjefølgja på den tredoble versjonen og meinte at det let lyttaren oppleve artisten på ein heilt ny måte. Shafer likte i tillegg det nye sporet «Sue», og skreiv at han er «merkverdig ulikt alt han nokon gong har gjort før.»[22]

Mange har rekna den tredoble versjonen som ein av dei beste samleplatene til Bowie, inkludert Erlewine, som roste det som «eit album som let oss høyre ein artist me kjenner godt på ein heilt ny måte.»[17] Andrzej Lukowski i Drowned in Sound kalla det vidare «eit monument til ein ekstraordinær 50 år lang karriere» og «ei fråsegn om sjølvtillit i Bowies post-superstjerne musikk som heilt sikkert står som det mest motbydelige beste som nokosinne er gjeven ut av ein artist av hans ry.»[19] Sawday kalla Nothing Has Changed «eit spanande album å gå til for òg andre enn den hardaste fansen og omtrent så perfekt som ein Bowie-antologi kan få blitt.»[24] Hal Horowitz i American Songwriter meinte at den tredoble versjonen er den beste måten for ein ny eller ukjend lyttar å bli kjend med Bowie på, i tillegg til at etablerte lyttarar kan få blitt oppdatert på den nyaste perioden hans med The Next Day.[26] Classic Rock meinte at samlinga var «ein flott måte å oppfriske ein nesten altfor kjend katalog.»[25] Douglas Wolk i Pitchfork meinte at av alle dei utgjevne formata, var den tredoble utgåva «juvelen». Han kritiserte den doble versjonen som ei lett revidert utgåve av Best of Bowie frå 2002 og sa vidare «denne manglar det som gjer denne særskild artisten magisk». Han meinte den doble LP-utgåva var ei forbetring.[20]

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne av David Bowie, utanom der andre er nemnde.

2-CD-utgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

3-CD luksusutgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Dobbel vinylutgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

1-CD utgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (2014–16), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads