I'm in You
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
I'm in You er det femte studioalbumet til Peter Frampton, gjeve ut i 1977.
Remove ads
Bakgrunn
I'm in You kom ut nesten eitt og eit halvt år etter suksessalbumet Frampton Comes Alive! frå 1976.[2][3] Det vart spelt inn i Electric Lady Studios i New York, der Frampton's Camel var blitt spelt inn fire år tidlegare.
Gjestemusikarar på albumet var Stevie Wonder, Richie Hayward, Mike Finnigan, Ringo Starr og Mick Jagger.
I'm in You nådde andreplassen på den amerikanske Billboard-lista. I Canada gjekk albumet rett til topps på lista.[4] Tittelsporet vart den mest suksessrike singelen hans og både albumet og singelen selde til platinaplate. På Cash Box-lista gjekk I'm in You til topps.[5][6]
Frank Zappa gjorde narr av tittelsporet på songen «I Have Been in You» og i monologen «Is That Guy Kidding or What?»[7]
Remove ads
Innhald
Alle songar skrivne av Peter Frampton; utanom der andre er nemnde:
Remove ads
Salslister
Album
Singel
Salstrofé
Medverkande
- Peter Frampton – elektrisk gitar, akustisk gitar, slidegitar, bassgitar, piano, orgel, Moog synthesizer, minimoog, ARP String Synthesizer, clavinet, munnspel, trommer, perkusjon, vokal, talk box
- Bob Mayo – orgel, Hammond B-3, synthesizer, Moog synthesizer, ARP String Synthesizer, clavinet, melodica, elektrisk piano, piano, Fender Rhodes, trekkspel, gitar, akustisk gitar, korvokal
- Stanley Sheldon – bassgitar, korvokal
- John Siomos – trommer, perkusjon, tamburin
- Richie Hayward – trommer, perkusjon, congatrommer på «St. Thomas (Don't You Know How I Feel)», «Won't You Be My Friend» og «Tried To Love»
- Stevie Wonder – munnspel på «Rocky's Hot Club»
- Mick Jagger – korvokal på «I'm in You» og «Tried to Love»
- Mike Finnigan – korvokal på «Signed, Sealed, Delivered (I'm Yours)»
- Ringo Starr – trommer, perkusjon
Remove ads
Produksjon
- Produsentar: Peter Frampton, Chris Kimsey, Bob Mayo, Frankie D'Augusta
- Lydteknikarar: Peter Frampton, Chris Kimsey, Bob Mayo, Frankie D'Augusta
- Miksing: Peter Frampton, Chris Kimsey, Bob Mayo, Frankie D'Augusta
- Mastering: George Marino, Doug Sax, Arnie Acosta
- Kunstnarisk leiar: Vartan, Roland Young, Ryan Rogers
- Fotografi: Neal Preston, Irving Penn
- Leiar og koordinator: Beth Stempel, Bill Levenson
- Management: Dee Anthony
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads