Frampton Comes Alive!
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Frampton Comes Alive! er eit dobbelt konsertalbum av den engelske rockemusikaren Peter Frampton, gjeve ut i 1976. Det er eit av dei bestseljande konsertalbuma i USA. «Show Me the Way», «Baby, I Love Your Way» og «Do You Feel Like We Do» vart gjevne ut som singlar. Etter fire soloalbum med lite kommersiell suksess, slo Frampton igjennom med dette konsertalbumet.
Albumet kom ut 6. januar 1976 og nådde etter kvart toppen av Billboard 200 i USA i veka som slutta 10. april 1976, og låg totalt på toppen i ti veker. Det vart det bestseljande albumet i 1976 i USA med over åtte millionar selde eksemplar[1] og vart eit av dei bestseljande konsertalbuma gjennom tidene, med kring 11 millionar selde eksemplar verda over.[2]
Frampton Comes Alive! vart stemt fram som «Årets album» av lesarane til Rolling Stone i 1976. Det låg 97 veker inne på lista og låg framleis på 14. plassen på årslista til Billboard for heile 1977. Det vart rangert på 41. plassen av Rolling Stone på lista deira over dei beste konsertalbuma gjennom tidene.[3]
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
Albumet vart spelt inn sommaren og hausten 1975, hovudsakleg i Winterland i San Francisco og Long Island Arena i Commack i New York, i tillegg til songar frå konsertane i SUNY Plattsburgh i Plattsburgh i New York. Winterland-songane vart spelte inn med 24-sporsopptakar. Dei andre vart spelte inn med 16-sporsopptakar.[4]
Konsertalbumet var meint å kome ut på ein enkel LP, men etter forslag frå A&M Records vart det spelt inn nok songar til eit dobbeltalbum.
Remove ads
Utgjeving
Det doble albumet kom ut i USA med redusert pris, 7,98 dollar, som berre var éin dollar over det ei enkelplate kosta i 1976.
Det vart gjeve ut tre hitsinglar frå albumet: «Baby, I Love Your Way», «Do You Feel Like We Do» og «Show Me the Way». Talk box-effekten vart kraftig assosiert med Frampton då han vart nytta på dei to sistnemnde singlane.
I januar 2001 kom det ut ei 25-årsjubileumsutgåve av albumet med fire ekstraspor som ikkje var med på originalutgåva.
Remove ads
Innhald
Alle songar skrivne av Peter Frampton, utanom der andre er nemnde.
25th-årsjubileumsutgåva
Medverkande
- Peter Frampton – solovokal, sologitar, talkbox på «Do You Feel Like We Do» og «Show Me The Way»
- Bob Mayo – rytmegitar, piano, Fender Rhodes elektrisk piano, Hammondorgel, vokal
- Stanley Sheldon – bassgitar, vokal
- John Siomos – trommer
Salslister
Album
Singlar
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads