I Can't Let Go

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«I Can't Let Go» er ein song skriven av Al Gorgoni og Chip Taylor. «I Can't Let Go» vart opphavleg sungen av blue-eyed soul-songaren Evie Sands i 1965.[1] Songen vart populær i 1966 for gruppa The Hollies, som nådde andreplassen på UK Singles Chart med sin versjon. Linda Ronstadt spelte inn songen i 1980 og nådde då 31. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

The Hollies-versjonen

«I Can't Let Go» var den første singelen til The Hollies i 1966 og den siste med den opphavlege bassisten deira, Eric Haydock. Han nådde andreplassen på singellista i Storbritannia og 42. plassen på Billboard Hot 100 i USA. Han er rangert som den 37. største hitten i Storbritannia i 1966.[2] Etter «I Can't Let Go» vart spelt inn vart Haydock erstatta av Bernie Calvert, som spelte på den neste singelen til bandet («Bus Stop»).[3]

Salslister

Meir informasjon Liste (1966), Plassering ...
Remove ads

Linda Ronstadt-versjonen

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Linda Ronstadt gav ut den mest suksessrike, amerikanske versjonen av songen i 1980 frå albumet Mad Love. Han kom ut som den tredje singelen frå albumet, og var produsert av Peter Asher for Asylum Records. Ronstadt-versjonen nådde 27. plassen på Cash Box Top 100 og 31. plassen på Billboard Hot 100-lista sommaren 1980.

Salslister

Meir informasjon Liste (1980), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

  • Les Fradkin spelte inn songen i 2006 på albumet hans, Goin' Back.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads