I Can't Read
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«I Can't Read» er ein song skriven av David Bowie og Reeves Gabrels for Tin Machine på debutalbumet deira i 1989. Songen vart sidan spelt inn på ny av Bowie og Gabrels i 1997 og framført på konsertane til Bowie seint i 1990-åra.
Remove ads
Bakgrunn
Bowie skildra songen som «full av anger og smerte. Eg forventar at det er når jobbar går galt, og heimen eigentleg ikkje kjennest varm lenger, og du ikkje treng nokon - du latar som du ikkje gjer det - og du hamnar i ein slik tilstand.»[1]
Bowie spelte inn to nye versjonar av songen i 1997, ein for filmen The Ice Storm[2] og ein annan versjon for albumet Earthling (1997). Denne sistnemnde versjonen kom ikkje ut før på Is It Any Wonder? (2020).[3] Ice Storm-versjonen kom ut på singel i Tyskland og Skandinavia på Velvel Records i desember 1997. I januar 1998 kom han òg ut i Australia på Shock Records under eksklusiv lisens frå Velvel Records. Singelen låg tre veker inne på topp 200 i Storbritannia, der han nådde 73. plassen.
Remove ads
Innhald
1997-singel / filmversjon
Singelen frå 1997 inneheld begge versjonane av songen. Den korte versjonen kom ut på lydsporet til «The Ice Storm» og den «lange versjonen» kom ikkje ut andre stader før EP-en Is It Any Wonder? i 2020.
CD: Velvel / ZYX 8757-8 (Tyskland)
- «I Can't Read» (kort versjon) (Bowie, Gabrels) – 4:40
- «I Can't Read» (lang versjon) (Bowie, Gabrels) – 5:30
- «This Is Not America» (Bowie, Metheny) – 3:48
2020 Is It Any Wonder?-versjonen
- «I Can't Read '97» (Bowie, Gabrels) - 5:27
Remove ads
Konsertopptak
- Eit konsertopptak frå 1989 vart gjeven ut på singelen «Tin Machine».
- Eit anna konsertopptak frå It's My Life-turneen-turneen til Tin Machine i 1991 vart gjeven ut på konsertalbumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby i 1992.
- Ein akustisk versjon av singelen frå 1997 vart framført av Bowie og Reeves Gabrels for radiostasjonen WRXT i Canada den 16. oktober 1997.
- Eit konsertopptak spelt inn i 1999 kom ut på VH1 Storytellers (2009)
Salslister
Coverversjonar
- Robert Lurie Collective - Loving the Alien: Athens Georgia Salutes David Bowie
- Tim Bowness og Samuel Smiles - Diamond Gods: Interpretations of Bowie (2001)
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads