VH1 Storytellers av David Bowie
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
VH1 Storytellers er eit konsertalbum av David Bowie. Det kom ut 6. juli 2009 og inneheld eit opptak gjort 23. august 1999[5] for Storytellers, eit program som gjekk på VH1.
Remove ads
Bakgrunn og innspeling
VH1 Storytellers er den siste konserten samarbeidspartnaren og gitaristen Reeves Gabrels spelte med Bowie. Dei møtte kvarandre i 1987 og hadde arbeidd i lag sidan den gongen, inkludert i bandet Tin Machine. Gabrels slutta i bandet fire dagar etter showet vart spelt inn og Bowie måtte kaste seg rundt for å finne ein sologitarist for den komande Hours-turneen.[6]
Utgjeving
Utgjevinga inneheld ein lyd-CD og ein DVD av showet, der DVD-en inneheld fire bonusspor som ikkje er med på CD-plata. Setlista bestod av songar frå heile karrieren til Bowie fram til då, frå 1960-åra og fram til Hours (1999) som då showet vart spelt inn ikkje var komen ut enno. VH1 Storytellers kom ut på vinyl 11. oktober 2019. Denne doble vinylplata inkluderte dei fire bonusspora.[7]
Innhald
Alle songane skrivne av David Bowie utanom der andre er nemnde.
Medverkande
- David Bowie: vokal, gitar
- Reeves Gabrels: gitar
- Mark Plati: gitar
- Gail Ann Dorsey: bassgitar, vokal
- Mike Garson: piano, klaverinstrument
- Sterling Campbell: trommer, perkusjon
- Holly Palmer and Lani Groves: korvokal
- Remiksing: Mark Plati
- Lydmiks: Thom Cadley
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads