I Robot av Alan Parsons Project
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
I Robot er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet The Alan Parsons Project, gjeve ut 1. juni 1977 på Arista Records. Albumet er basert på science fiction-trilogien Robot av Isaac Asimov, og utforskar filosofiske tema i samband med kunstig intelligens.[2] Det kom ut på ny på vinyl og kassett i 1984 og på CD i 2007.
Remove ads
Bakgrunn og konsept
Albumet var meint å vere basert på I, Robot av Asimov, og Eric Woolfson snakka med Asimov sjølv, som ikkje var veldig begeistra for ideen. Han hadde alt gjeve rettane til eit TV/film-selskap, så albumtittelen vart endra noko ved å fjerna kommaet etter «I,», og temaet og tekstane vart gjort noko meir generelle om robotar og ikkje spesifikt til Asimov-universet.[4][5] I plateomslaget står det: «I Robot... Soga om framgangen til maskinen og nedgangen til mennesket, som paradoksalt nok skjedde då hjulet vart oppdaga... og ei åtvaring om at den korte tida han har dominert denne planeten truleg vil ta slutt, fordi mennesket prøvde å skape roboten i sitt bilete.» Tittelen på det siste sporet, «Genesis Ch.1 v.32», følgde dette temaet ved å indikere at eit framhald av skapingssoga, sidan det første kapittelet i 1. mosebok (Genesis på engelsk) berre har 31 vers.[6]
Plateomslag
Bilete på omslaget syner assistentane til Storm Thorgerson i rulletrapper i den sirkelforma Terminal 1-bygningen på Charles de Gaulle lufthamn utafor Paris.[7] Eit måleri av ein robot med eit atom til hjerne er måla over dette biletet. Roboten går òg att på etiketten på plata.
Singlar
Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet: «I Wouldn't Want to Be Like You», «Don't Let it Show» og «Day After Day (The Show Must Go On)». Albumsporet «Breakdown» vart mykje spelt på AOR-stasjonar radio.
Nyutgjevingar
I Robot er blitt gjeve ut på ny fleire gonger i forskjellige format sidan det først kom ut på vinyl. Mobile Fidelity Sound Lab (MFSL) gav ut albumet på vanleg vinyl, UHQR- vinyl og på CD. Classic Records har gjeve ut på albumet i analog form på 180-grams vinyl, i tillegg til digitalt på DVD-Audio. JVC gav ut albumet om ei K2-utgåve med Ammonia Avenue og Eye in the Sky. I 2007 gav Sony plata ut på ny med bonusspor.
I 2013 gav Legacy Recordings ut albumet som ei «legacy-utgåve» på CD med ei ekstra plate med bonusspor, mastera av Dave Donelly.
I popkulturen
- «Don't Let It Show» vart spelt av Pat Benatar på albumet hennar In the Heat of the Night LP.[8][9] Gail Godwin skildra denne som «langt meir sentimental enn den vanlege Alan Parsons».[10]
- «Some Other Time» vart spelt av Arjen Anthony Lucassen på albumet Lost in the New Real i 2012.
- «I Wouldn't Want to Be Like You» er med i videospelet Grand Theft Auto V frå 2013 på den fiktive radiostasjonen «Los Santos Rock Radio». Songen vart òg nytta i sesong 1, episode 9 av Netflix-serien Mindhunter.
- «Genesis Ch. 1 V. 32» vart spelt i sesong 1, episode 6 av serien Homecoming.
Innhald
Alle songane er skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson, utanom der andre er nemnde.
Remove ads
Medverkande
- David Paton – bass, akustisk gitar, korvokal
- Stuart Tosh – trommer, perkusjon, korvokal
- Ian Bairnson – elektrisk og akustisk gitar, korvokal
- Eric Woolfson - klaverinstrument, vocoder, korvokal
- Alan Parsons - klaverinstrument, vocoder, korvokal, akustisk gitar
- Duncan Mackay – klaverinstrument
- B.J. Cole – steelgitar
- John Leach – cimbalom, kantele
- Lenny Zakatek, Allan Clarke, Steve Harley, Jack Harris, Peter Straker, Jaki Whitren, Dave Townsend, the English Chorale, the New Philharmonia Chorus – vokal
- Hilary Western - korvokal
- Smokey Parsons - korvokal
- Tony Rivers, John Perry og Stu Calver - korvokal på «Some Other Time»
- Teknisk
- Alan Parsons - produsent og lydteknikar
- Eric Woolfson - leiande produsent
- Andrew Powell - arrangement av orkester og kor, dirigent
Salslister
Salstrofé
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads