I Shall Be Released

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

«I Shall Be Released» er ein song skriven av Bob Dylan i 1967.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

The Band spelte songen på debutalbumet deira Music from Big Pink (1968), med Richard Manuel på solovokal og Rick Danko og Levon Helm på harmonivokal på refrenget. Ei legendarisk utgåve av songen finst på slutten av farvellkonserten til The Band, The Last Waltz, der alle artistane frå konserten (utanom Muddy Waters) samt Ringo Starr og Ronnie Wood stod på scenen samstundes.

Bob Dylan spelte inn to utgåver av songen. Den første var under innspelinga av The Basement Tapes i 1967. Denne vart gjeven ut på Bootleg Series 1-3 i 1991. Dylan spelte inn songen på ny i 1971 og gav denne utgåva ut på Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II.

Remove ads

Medverkande på The Band-utgåva

Andre utgåver

Mange artistar har spelt songen, mellom andre Joan Baez, The Tremeloes, Bette Midler, The Box Tops, The Byrds, Rick Nelson, Jeff Buckley, Tom Robinson Band, The Magic Numbers og Martha Wainwright, Wilco, Nina Simone, Jack Johnson, Paul Weller, Jerry Garcia Band, Sting, Joe Cocker, The Deftones, The Hollies, Ben Harper, Big Mama Thornton, U2, The Who og Mama Cass.

Norske versjonar

Det er skrive minst to norske versjonar av songen. Den første vart skriven av Asbjørn Krogtoft og kalla «Snart går solen ned». Denne vart framført av Gro Anita Schønn i 1969. Jan Erik Vold skreiv ein annan norsk tekst, kalla «Når som helst». Denne vart framført av Kåre Virud i 1977.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads