Ignisious Gaisah

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ignisious Gaisah
Remove ads

Anthony Ignisious Gaisah Essuman (fødd 20. juli 1983) er ein ghanesisk lengdehoppar som frå 2013 representerte Nederland. Han vann VM-sølv i øvinga i 2005, ein prestasjon han gjentok i 2013.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Ghana

Gaisah vart fjerdemann i lengdehopp ved verdsmeisterskapen 2003 i Paris med eit hopp på 8,13 meter. To månader seinare landa han på 8,30 m då han vann øvinga i afrikaleikane i Abuja. Der etter enda han på sjetteplass då han sette ghanesisk rekord med 8,24 m under Sommar-OL 2004.

Ved verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki forbetra Gaisah den ghanesiske rekorden til 8,34 m og vann sølvmedaljen bak suverene Dwight Phillips frå USA. Gjennom året 2006 vann Gaisah lengdetevlinga både ved hall-VM i Moskva, samveldeleikane i Melbourne og i afrikameisterskapen på Mauritius. Den 14. juli 2006 presterte han 8,43 meter ved eit stemne i Roma, personbeste og ny landsrekord for Ghana.

Nederland

I juli 2013 fekk Gaisah nederlandsk statsborgarskap. Ein månad etter kneip han sølvmedaljen under VM i Moskva med eit bestehopp på 8,29 m, høvesvis 2 og 3 centimeter lengre enn nummer 3 og 4 i tevlinga. Samstundes forbetra han den 25 år gamle nederlandske lengderekorden med 8 cm.

Trass i moderate 7,93 m fekk Gaisah bronsemedaljen i lengdehopp ved europameisterskapen 2016 i Amsterdam, grunna betre nestbestehopp enn Radek Juška frå Tsjekkia.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads