Ilke Wyludda

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ilke Wyludda
Remove ads

Ilke Wyludda (28. mars 19691. desember 2024) var ein tysk friidrettsutøvar frå Leipzig som representerte Aust-Tyskland og seinare Tyskland i diskoskast og kulestøyt. Ho spesialiserte seg i diskoskasting og vart europameister i øvinga i 1990 og 1994, og olympisk meister i 1996. Frå 1989 til 1991 vann ho 41 strake sigrar, og vart einast slått av Tsvetanka Khristova under VM 1991.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Wyludda lukkast ikkje å kome med på Aust-Tyskland sitt lag til Sommar-OL 1988. Derimot sette ho den 13. september 1988, like etter olympiaden, å setje ein nærast uslåeleg juniorverdsrekord på 74,40 meter, to meter lengre enn vinnarkastet i OL.

Wyludda vann EM-gullet i diskos i 1990 og tok sølvmedaljen i øvinga i Tokyo-VM året etter. Dei neste sesongane var ho sett noko tilbake, grunna skade. Perioden 1994-96 var ho atter i den ypparste verdstoppen, og forsvarte EM-tittelen i Helsinki i 1994, før ho tok eit nytt VM-sølv i 1995. Under dei olympiske leikane i Atlantla 1996 var ho heilt i ei eiga klasse og vann diskostevlinga med over tre meters margin til sølvmedaljøren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Sjukdom

I desember 2010 førte ein infeksjon til at Wyludda måtte få amputert høgrebeinet frå låret. Ho deltoke sidan i handikappidrett, mellom anna var ho med ved Sommar-Paralympics i 2012.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads