Ina Kringlebotn

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Ina Kringlebotn (198321. juni 2015) var ein norsk sopran. I utlandet nytta ho òg artistnamnet Ina Kringelborn.[1]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...

Familie

Ina Kringlebotn vaks opp på Kråkstad i Ski kommune.[2] Ho var niese av sopranen Solveig Kringlebotn.[3]

Ho var gift med den finske barytonen Ludvig Lindström.

Kringlebotn starta songstudiane sin ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Seinare studerte ho ved Operaakademiet i København og ved Det Kongelige Danske Musikkonservatorium.[4]

Karriere

Ina Kringlebotn starta den musikalske karrieren sin i hip hop/RnB-duoen Gulltoppane, saman med Christine Dancke. Dei var ein del av undergrunnsmiljøet til norsk rap tidleg på 2000-talet. Etter kvart gjekk dei i kvar sin retning, og Ina satsa på opera. Ho debuterte ved Den norske Operaen i 2004, i rolla som Valencienne i Den glade enke.[4] I 2007 vart ho invitert til å synga ved Academie européenne de musique i Aix-en-Provence. Der vart ho kåra til «Laureat HSBC», og drog deretter på turné i Kina.[1][5] I Aix song ho året etter rolla som Sandrina i Haydns L'Infideltà Delusa, og denne oppsettinga gjesta òg Monaco, Sceaux, Bilbao, Valladolid og Bremen.[1] I 2009 song ho hovudrolla som Mimi mot Marius Roth Christensen i Puccinis La Bohème på sommaroperaen på Oscarsborg festning. Same haust var ho gjestesongar i Poppeas kroning på Den norske Operaen, og drog så til Bremen der ho medverka i Haydns L'Infedeltà Delusa.[4]

Frå 2010 til 2013 var ho tilsett som solist ved Komische Oper Berlin.[5] I 2012 opptredde ho på OscarsborgOperaens «Operafest», og spelte rolla som Solveig i Peer Gynt-oppsetninga på Gålå.[2]

Remove ads

Fjernsynsopptrededanr

I 2003 stilte Ina Kringlebotn og Mari Eriksmoen som lag i ein NRK-produksjon der dei konkurrerte med andre kunstnarar om støytte vidare til utdanning.[6]

I 2011 spelte NRK inn Den norske Opera sin produksjon av operaen Poppeas kroning, med Ina Kringlebotn i rolla som Fortuna. Førestillinga, som vart sendt i to delar, er tilgjengel på NRK-TV fram til 1. april 2026.[7][8]

Roller (utval)

Aix-en-Provence

Oscarsborg

Den norske Operaen

Oper Bremen

  • Sandrina – L'Infedeltà Delusa av Joseph Haydn

Komische Oper Berlin

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads