Ina Wroldsen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ina Wroldsen
Remove ads

Ina Christine Wroldsen (fødd 29. mai 1984), også kjend berre som Ina, er ein norsk songar og låtskrivar.[1]

Kjappe fakta

Wroldsen har skrive låtar for blant anna Anne-Marie, Calvin Harris, Clean Bandit, Demi Lovato, One Direction, Britney Spears, Shontelle og The Saturdays.[2][3][4]

Remove ads

Karriere

Wroldsen spelte saman med islandske Arnthor Birgisson i elektropopbandet Ask Embla mellom 2011 og 2014. Manageren hennar er ektemannen Mark Elwood.[5] I 2014 og 2015 gav ho ut solosingelen «Aliens» og «Rebels». I 2015 samarbeidde ho med Calvin Harris og Disciples om songen «How Deep Is Your Love», og hadde vokalen på songen, utan å få namnet på utgjevinga.[6] I 2016 gav ho ut låten «Lay It On Me» som var i samarbeid med EDM-duoen Broiler.[7] Ho var òg, saman med Sandeep Singh, Gunnar Greve Pettersen og Vinni (Øyvind Sauvik), Idol-domar dette året.

Juni 2018 gav ho ut EP-en Hex, som var hennar første soloutgjeving. 24. november same året vart ho tildelt P3-prisen under P3 Gull og var dessutan nominert i klassen årets låt for «Strongest».[8] Under Spellemannprisen 2018 vart ho kåra til årets låtskrivar for EP-en Hex, og var i tillegg nominert i klassene årets tekstforfattar (Hex) og årets låt («Strongest»).[9]

I 2020 starta ho podcasten Ina & Wroldsen med mora Kristin Wroldsen, og frå januar 2021 var ho mentor i sesong 6 av The VoiceTV 2.

Remove ads

Diskografi

Eigne utgjevingar

  • Hex (2018, Syco/Sony) EP

Låtbidrag for andre artistar

Meir informasjon Year, Artist ...

I Melodi Grand Prix 2013 song Adelén Wroldsen si låt, «Bombo», som ho hadde skrive saman med Quiz & Larossi.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads