Induskulturen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Induskulturen er ein tidleg høgkultur som fann stad i den sørasiatiske bronsealderen, frå midten av 2000-talet til midten av 1000-talet f.Kr. Det er funne spor etter kulturen i store område rundt elva Indus, der dei best kjende byane er Harappa og Mohenjodaro. Indusfolka utvikla byplanlegging, kloakksystem, eit teiknsystem og økonomi og dreiv handel med det gamle Egypt og Mesopotamia. Nedgangen til kulturen rundt 1500 f.Kr. er sett i samanheng med den ariske innvandringa til Sør-Asia, men dette er usikkert.
Remove ads
Plassering

Induskulturen dekte det meste av noverande Pakistan med mindre funnstader i Afghanistan, Turkmenistan og Gujarat i India. Funnstadene ligg særleg langs Indus, men også langs sideelver som Hakra i Pakistan og Ghaggar i India. Medan dei fleste byane låg nær elver, er det også funne nokre langs kysten og på øyar.
Kulturen var samtidig med Sumer og Akkad i Mesopotamia og Det gamle Egypt. Europa var inne i bronsealderen (Noreg tildels i steinalderen). Induskulturen er blitt sett i samanheng med namnet Meluhha, som ein finn omtalt i sumeriske kjelder.
Sjølv om induskulturen hadde eit skriftsystem, er dette ikkje blitt tyda, og me veit ikkje kva språk dei tala, eller kva dei kalla seg sjølv. Dei levde før dei sanskrit-talande ariarane, og er blitt sett i samanheng med tidlege dravidiske språk, indoiranske språk, mundaspråk og ein forløpar til det isolerte språket kalto.

Det er likevel mogleg å sjå trekk frå mellom den eldgamle kulturen i dagens Sør-Asia. Teikn, teikningar og figurer viser mønster som ein kan finna att i hinduismen i dag, som ein svastika, trefork, kyr, fallossymbol som kan minna om sjiva-lingaer, kvinner med raudfarge i midtskilen og menneske i yoga-aktige stillingar, mellom anna ein mannsfigur som er blitt spekulativt likna med Sjiva i ei lotusstilling. Armringar og det ein kan sjå av klede, som skjørt og eit klede over ei skulder, kan også minna om noverande sørasiatisk kultur.
Den første staden ein undersøkte arkeologisk var Harappa og deretter Mohenjodaro i 1920-åra. Mehrgarh blei først funne i 1974, men var viktig i å visa utviklinga frå steinalder- til bronsealderbyar.
Remove ads
Skildring

Det er funne over tusen byar og mindre bustader frå induskulturen. Byane var omkransa av tjukke murar som kan ha verna mot flaum eller fiendar. Langs dei større gatene i byane hadde ein dekte renner for kloakkvatn langs sidene. Bustadhusa hadde ofte gardsplassar og eigne baderom med avløp. Det fanst også lagerhus og hamner og minst eitt offentleg bad.
Remove ads
Utvikling
Kjelder
- «Induskulturen» i Caplex
- Timechart History of India (Robert Frederick Ltd., 2005)
- Denne artikkelen bygger på «Indus Valley Civilization» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2008.
Denne historieartikkelen som har med India og Pakistan å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads