Ingrid
kvinnenamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ingrid (òg stava Ingri) eller Ingerid er norrøne kvinnenamn. Fyrste delen av namnet kjem frå guden Ing, som kan ha vore den same som Frøy. Andre delen, -rid, tyder vakker eller elska .
Ingrid har vore eit mykje brukt namn i Noreg i lang tid. Det var eitt av dei ti mest gjevne namna frå 1907 til 1931, og kom inn på denne lista igjen i 1991. I 1997 var det det mest gjevne norske jentenamnet. Det er i dag rundt 24 800 som heiter Ingrid (SSB 2006).
Ingrid har namnedag den 10. februar i Noreg og den 9. oktober i Sverige.
Remove ads
Kjende namneberarar
- Ingrid Ylva (d. 1250 el. 1251), mor til Birger Jarl
- Ingrid Bergman (1915-1982), svensk skodespelar
- Ingrid av Danmark (1915-2004), dansk dronning
- Ingrid Vang Nyman (1916–1959), dansk illustratør
- Ingrid Espelid Hovig (f. 1924), norsk programleiar
- Ingrid Thulin (1926-2004), svensk skodespelar
- Ingrid Jangaard Ousland (f. 1932), norsk kunstnar
- Ingrid Jonker (1933-1965), sørafrikansk diktar
- Ingrid Pitt (f. 1937), polsk-amerikansk skodespelar
- Ingrid Becker (f. 1942), tysk friidrettsutøvar
- Ingrid Newkirk (f. 1949), britisk dyrerettsaktivist (PETA)
- Ingri Egeberg (f. 1951), norsk kunstnar
- Ingrid Heggø (f. 1961), norsk stortingsrepresentant
- Ingrid Kristiansen (f. 1956), norsk langdistanseløpar
- Ingrid Steen (f. 1967), norsk handballspelar
- Ingrid Storholmen (f. 1976), norsk forfattar
- Ingrid Fiskaa (f. 1977), norsk politikar og SU-leiar
- Ingrid Alexandra av Noreg (f. 2004), norsk tronarving
Remove ads
Bakgrunnsstoff
- Søk etter norsk namnestatistikk for Ingrid hjå Statistisk Sentralbyrå
Kjelder
- «Ingrid» på svensk Wikipedia
- SSB
- Søk i engelsk Wikipedia
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads