Innu-aimun

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Innu-aimun eller montagnais er eit algonkinsk språk som blir snakka i Quebec og Newfoundland i Canada. Innu har over 8000 talarar.

Kjappe fakta

Grammatikk

Innu-aimun er eit polysyntetisk språk med relativt fri ordstilling.

Utbreiing

Thumb
'Spenn fast barna dine' på innu-aimun på eit skil i Pointe-Parent reserve nær Natashquan i Quebec.

Sidan 1980-talet har innu-aimun vore relativt mykje eksponert i populærkulturen i Canada og Frankrike gjennom suksessen til rockegruppa Kashtin og dei påfølgjande solokarrierane til bandgrunnleggjarane Claude McKenzie og Florent Vollant. Nokre kjende songar med tekst på innu har vore «Ish-kuess» ('Jente'), «E Uassiuian» ('Min barndom'), «Tipatshimun» ('Soge') og ikkje minst «Akua tuta» ('Pass på deg sjølv'). Florent Vollant har også spelt inn fleire kjende julesongar på innu på albumet Nipaiamianan frå 1999.[2]

I 2013 blei det gjeve ut ei omfattande ordbok over alle dialektane av innu med omsetjingar til engelske og fransk.[3]

Remove ads

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads