Into the Blue
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Into the Blue» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue. Den vart skriven av Kelly Sheehan, Jacob Kasher, og Mike Del Rio. Songen vart innspelt i London på den 45. fødselsdagen til Minogue i mai 2013, og vart utgjeven som den første singelen frå det tolvte studioalbumet hennar, Kiss Me Once (2014).
Remove ads
Listeplasseringar og sal
«Into the Blue» debuterte i Belgia på nummer 57 i Flandern og nummer 53 i Vallonia på Ultratip-listene. Songen nådde då tiandeplassen i Vallonia og var den første singelen av Minogue som nådde Top 10 på Ultratip sidan «Get Outta My Way» i 2010. Songen nådde 22. plass i Finland, 16. plass i Spania og nådde 19. plass i Ungarn.
«Into the Blue» nådde 46. plass i Australia med sal av 2 643 eksemplar, den første singelen frå albumet som ikkje nådde Topp 40 i landet. Songen fall ut av hitlistene på 96. plass med sal av 3 832 eksemplar i alt på to veker, og blei den mest mislukka førstesingelen hennar.
Songen vart utgjeven den 28. januar i Nord-Amerika og debuterte i USA på 39. plass på Dance/Electronic Digital Songs og 41. plass på Dance/Electronic Songs.[1] Songen debuterte på 52. plass på Hot Dance Club Songs og nådde seinare førsteplass den femte veka.[2]
Remove ads
Komposisjon
«Into the Blue» er ein elektronisk danse-song som inneheld instrumentering av synthesizer, keyboard og strengeinstrument. Teksten snakkar om å vere uavhengig, fri og lukkeleg.
Format og sporliste
|
|
Topplisteplasseringar
Remove ads
Utgjevingshistorie
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads