Intrusjon

From Wikipedia, the free encyclopedia

Intrusjon
Remove ads

Intrusjon er i geologi ein smeltemasse som består av vulkanske bergartar som vart danna ved krystallisasjon frå smelta magma under jordoverflata. Store bitar av magma som har størkna i djupet før dei når jordoverflata vert kalla plutonar og har fått namnet sitt etter Pluto som i romersk mytologi var gud over underverda. Bergartar av denne typen vert omtalt som plutoniske bergartar eller intrusivbergartar. Dette er i motsetnad til effusive bergartar. Smeltemasse som omringar ein pluton vert kalla sidebergartar.

Thumb
Devils Tower i Wyoming i USA er danna gjennom intrusjon.
Remove ads

Samansetning

I samansetning inkluderer intrusivbergartar heile rekka av vulkanske bergartar, frå kompakt og mørk ultramafisk peridotitt til lys og laus alkalisk granitt og syenitt. Eit velkjent døme på ein intrusjon er Devils Tower i Wyoming i USA.

Strukturelle typar

Intrusivbergartar finst òg i ei rekke former og storleikar frå batolittar på storleik med fjell til åreliknande sprekk-fyll av aplitt. Intrusive strukturar vert ofte klassifisert mellom anna med omsyn til foliasjon av steinen: dersom intrusjonen er parallell til sidebergarten er hovudbergarten ein konkordant, medan dersom han skjærer tvers over er han ein diskordant. Strukturelle typar inkluderer:

  • Batolitt store uregelmessige intrusjonar.
  • Stokk Mindre, irregulære diskordante intrusjonar.
  • Gang i geologi Ein relativt smal, lagdelt, diskordant smeltemasse, ofte i nær vertikalt retning.
  • Lagergang/sill Ein relativt tynn, lagdelt konkordant smeltemasse som har intrudert langs lagflater, ofte i nær horisontal stilling når dei oppstår, men kan intrudere i skråstilte sedimenterte lag, eller så kan hele massen verte skråstilt av seinare deformasjon.
  • Lavapropp: Sirkulær eller hylseforma nær-vertikal steinmasse, som tidlegare kan ha vore ein vulkansk skorstein.
  • Lakkolitt Kokordant smeltemasse som ein nær flat sokkel og kuppelforma øvre overflate. Han har vanlegvis ein skorstein under.
  • Lopolitt Konkordant smeltemasse med ein base som er grunn, konveks base (skålforma) og ein øvre del som varierer mellom flat og nedhengande. Kan ha gang eller skorstein under.
  • Fakolitt Ein konkordant linseforma pluton som vanlegvis ligg på toppen av ein antiklinal eller i renna til ein synklinal.
Remove ads

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads