Irbid guvernement

From Wikipedia, the free encyclopedia

Irbid guvernement
Remove ads

Irbid eller Irbed (arabisk محافظة إربد) er eit guvernement i Jordan. Det ligg nord for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret i Irbid er byen Irbid. Guvernementet er det nest største i folketal i Jordan etter Amman guvernement, og det tettast folkesette i landet.

Kjappe fakta Land, Nahiaer ...
Remove ads

Historie

Thumb
Byen of Um Qais (Gadara).
Thumb
Ei bysantinsk kyrkje i Um Qais.
Thumb
Ein bysantinsk stad i Ar Ramtha.

Irbid har vore kontrollert av greske, romerske og islamske sivilisasjonar som har etterlate seg historiske og arkeologiske stader. Romerske og greske byar som Arabella (Irbid), Capitolias (Beit–Ras), Dion (Al Hisn), Gadara (Umm Qais), Pella (Tabeqt Fahel) og Abello (Qwailbeh) vart grunnlagde her. Dei var medlemmar av Dekapolis: eit forbund som bestod av ti romerske byar i området. Ghassanidane hadde oppretta landet sitt nord i Jordan, og dekte Irbid, Golan og Horan. Det vart skidlra som eit av dei vakraste, syriske landa. Kristendomen spreidde seg her på 100- og 200-talet evt.

Edom- og Ammon-sivilsasjonen heldt til i dette området. Området vart erobra av islamske arabarar i 634 evt.

Under mamelukkane spelte Irbid ei viktig rolle som stoppestad for pilegrimar frå Tyrkia, nord i Irak og sør i Russland. Det vart eit viktig transportknutepunkt og ein inngang til Egypt, Hijaz og Palestina, særleg i tida då Irbid var knytt til Damaskus.

Remove ads

Geografi

Irbid guvernement ligg i heilt nordvest i Jordan i Yarmoukvassdraget og Jordandalen. Det meste av guvernementet er ein del av Hawran-sletta, som dekkjer nordlege Jordan, og sørvestlege Syria. Guvernementet grensar til Syria (Golanhøgdene) i nord, Jordanelva i west, Mafraq guvernement i aust og Jerash, Ajloun og Balqa guvernement i sør.

Demografi

Folketeljinga i 2004 synte at Irbid guvernement hadde eit folketal på 928 292. Estimata for 2009 var like over éin million innbyggjarar.

Administrativ inndeling

Irbid guvernement er kalla opp etter hovudstaden og den største byen. Han er delt inn ni departement kalla alweya, som er fleirtalsforma av liwaa. Mange av desse departementa ligg tett inntil storbyområdet kring Irbid.

Meir informasjon Nahiyaer, Arabisk namn ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads