Mafraq guvernement
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Mafraq (arabisk محافظة المفرق Al-Mafraq, lokale dialektar Mafrag eller Mafra' ) er eit guvernement i Jordan, nordaust for Amman, hovudstaden i Jordan. I 2015 hadde guvernementet eit folketal på 549 948. Administrasjonssenter er Mafraq, som er kjend for militærbasane sine.

Remove ads
Historie
Ein har funne mange romerske og bysantinske stader kring guvernementet, hovudsakleg kyrkjer frå 200-talet evt, og to av dei trur ein er av dei aller eldste kyrkjene som er bygd. Det finst òg romerske vassreservoar i Ruwaished og byen Mafraq. Mafraq har òg eit romersk fort.
Under Det britiske mandatet husa Mafraq militæranlegg som framleis er i drift i dag. Den tredje divisjonen til den jordanske hæren er stasjonert i Mafraq.
Remove ads
Geografi
Provinsen ligg i aust i Jordan. Det er det einaste guvernementet i Jordan som grensar til tre land: Irak i aust, Syria i nord og Saudi-Arabia i sør. Det grensar til Irbid og Jerash guvernement i vest, og til Zarqa guvernement i sør.
Mafraq guvernement har det nest største arealet i landet, men den nest lågaste folketettleiken. Klimaet er tørt det meste av året. Dei vestlege delane av provinsen ligg på den frodige Hauran-sletta, og strekkjer seg inn i sørlege Syria, Golanhøgda og nordlege Jordan.
Det ligg ein grenseovergang frå guvernementet til Irak ved Karameh grenseovergang, og til Syria ved Jabir grenseovergang.
Remove ads
Demografi
Folketalet i Mafraq guvernement var i 2004 244 188 der 30 % budde i byar og 70 % på landsbygda. Jordansk statistikkdepartement estimerte at det i 2010 var 287 300 innbyggjarar. I 2011 og 2012 førte borgarkrigen i Syria til at meir enn 180 000 syriske flyktningar kom til Jordan, dei fleste til Mafraq og Irbid guvernement. I juli 2012 opna Zaatari flyktningleir for syriske flyktningar.
Administrativ inndeling
Mafraq guvernement er delt inn i fire distrikt (eller nahiyaer):
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads