It's Now or Never
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«It's Now or Never» er ein ballade spelt inn av Elvis Presley og publisert av Gladys Music, songforlaget til Elvis Presley, i 1960. Det var ein av to populære songar basert på den italienske songen «'O Sole mio» (musikken av Eduardo di Capua). Den andre er «There's No Tomorrow», spelt inn av den amerikanske songaren Tony Martin i 1949, som var inspirasjon for Presley sin versjon. Teksten var skriven av Aaron Schroeder og Wally Gold. Singelen er den nest mestseljande singelen til Presley og ein av dei bestseljande singlane gjennom tidene.[1]
Seint i 1950-åra, medan han var stasjonert i Tyskland med U.S. Army, høyrde Presley innspelinga til Martin. I følgje The New York Times, som siterte frå boka Behind The Hits frå 1986, «fortalte han om ideen til musikkforleggjaren sin, Freddy Bienstock, som vitja han i Tyskland... Mr. Bienstock, som ofte fann låtskrivarar til Presley, drog attende til kontoret sitt i New York, der han fann låtskrivarane, [Aaron] Schroeder og Wally Gold, dei einaste som var på kontoret den dagen. Dei to skriv teksten på ein halvtime. Songen selde meir enn 20 millionar plater og gjekk til topps i mange land verda over og var den bestseljande singelen til Presley... ein song dei skreiv ferdig på 20-30 minutt til vart den største songen i karrieren deira.»[2]
I 1960 gjekk «It's Now or Never» til topps i USA, og låg på førsteplassen i fem veker. I Storbritannia låg han åtte veker på toppen i 1960 og nok ei veke i 2005, då singelen kom ut på ny. Han nådde òg toppen av listene i mange andre land, og selde i overkant av 25 millionar eksemplar verda over. Den britiske utgjevinga vart forseinka ei stund fordi ein måtte ordne opp i opphavsrettane først, og det vart eit stort førehandssal på singelen som gjorde at han gjekk rett inn på toppen av den britiske singellista, noko som var særs sjeldan på den tida. «It's Now or Never» nådde sjuandeplassen på R&B-lista.[3]
Ein konsertversjon i lag med «'O Sole mio» finst på konsertalbumet Elvis in Concert i 1977. «'O Sole mio» vart sungn av tenoren Sherrill Nielson.
Tidleg i 2005 vart songen gjeven ut på ny i lag med andre singlar av Presley i Storbritannia. Han gjekk då igjen til topps på UK Singles Chart den 5. februar 2005. Songen er òg nytta i miniserien Elvis.
Remove ads
Lister og salstrofé
Føregangar «Frøken Johansen og jeg» Inger Jacobsen |
Toppen av VG-lista Elvis Presley 6 veker, veke 49, 1960–veke 2, 1961 |
Etterfylgjar «Seemann, deine Heimat ist das Meer» Lolita |
Remove ads
John Schneider-versjonen
Den amerikanske countryartisten og skodespelaren John Schneider gav i 1981 ut ein versjon av songen som debutsingelen sin. Songen kom òg ut på debutalbumet hans, Now or Never. Schneider sin versjon nådde topp 5 på Billboard Hot Country Singles-lista og 14. plassen på Billboard Hot 100.
Lister
Remove ads
Andre versjonar
- 1960: Rikki Henderson
- 1961: Bogusław Wyrobek
- 1961: Otto Brandenburg
- 1961: The Johnny Mann Singers
- 1962: Sharon
- 1963: Pat Boone
- 1966: Chuck Jackson
- 1967: Connie Smith
- 1970: Ross McManus
- 1972: Jimmy London
- 1972: David Anson and The London Pops Orchestra
- 1972: Eden Perry & The Nashville Pops Orchestra
- 1972: Vince Eager
- 1972: Bobby Hachey
- 1974: Eddy Smets
- 1975: Rupert
- 1975: Werner Müller and The London Festival Orchestra & Chorus
- 1976: Al Martino
- 1977: Country Road
- 1977: The Hiltonaires
- 1977: Lee Jackson
- 1977: Pekka Loukiala
- 1978: Ray Smith
- 1978: Salomon & Paradise
- 1978: Jimmy Ellis
- 1978: Jim «E» Curtin
- 1978: Johnny Farago
- 1979: Ral Donner
- 1980: Jerry Deewood
- 1981: John Schneider
- 1981: Danny Mirror & The Jordanaires
- 1982: Roger Whittaker
- 1983: R. Stevie Moore
- 1984: Eddie Youngblood
- 1985: Renée & Renato
- 1985: Renzo Arbore presenta New Pathetic «Elastic» Orchestra
- 1988: Đani Maršan
- 1988: Ty Tender & The Rockin' Fifties
- 1990: Paul McCartney
- 1991: Johnny Earl
- 1992: Peter Hofmann
- 1992: Wickströms
- 1994: Hubbas
- 1994: Lee Towers
- 1994: Wet Wet Wet
- 1995: Terrie Richards med The Harry Allen Quartet
- 1995: Andy Tielman
- 1996: Eilert Pilarm
- 1997: Carpe Wade
- 1997: Sammy «Sax» Mintzer
- 1997: Crazy Cracker's
- 1998: The Gracelands Chorale & Symphonette
- 2000: Andy Lee Lang and The Spirit
- 2000: Las Vegas Impersonators
- 2000: Men of Distinction
- 2000: Memphis King
- 2001: Colin Paul
- 2002: Aaron Sutcliffe
- 2002: João Suplicy
- 2002: Little Gerhard
- 2002: På Slaget 12 med baSix
- 2002: Lisa Bassenge Trio
- 2002: Jesper Lundgaard
- 2003: DI.DI.Sound med Ralph Ottavio
- 2003: Lady Elvis
- 2003: Zop Hopop
- 2005: Henry Smith
- 2005: Matt Lewis
- 2005: John Beardsley
- 2006: Wing
- 2007: Robert Gordon og Chris Spedding med The Jordanaires
- 2007: DJ Graceland med Las Vegas
- 2007: Juice A
- 2008: Tony Witt
- 2008: Ricky Norton
- 2008: Chad Garrett
- 2009: AcaPelvis
- 2009: Angel Corpus Christi
- 2010: Svenne Hedlund
- 2010: Friðrik Ómar
- 2011: Kevin Löhr
- 2011: Chris Isaak
- 2011: Henrik Åberg - Jack Baymoore
- 2012: Pascale Picard Band
- 2012: Alfie Boe
- 2012: Merrill Osmond
- 2013: Rachid Taha med Jeanne Added
- 2014: Amanda Lear
- 2014: Steven Chera
- 2015: Elvis Presley med The Royal Philharmonic Orchestra
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads